Hoppa till huvudinnehållet
Helse, omsorg og velferd Fjord kommune logo

Medarbeidar - helse og skule

Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
  • OrtFjord
  • Omfattning–
  • Sista ansökan16 dagar kvar
  • Publicerad29 okt.

Om tjänsten

Vi søker medarbeidar i 100% stilling til ein glad og positiv gut på 14 år. Arbeidsstad er Stordal. Stillinga er i hovudsak i skuletida, der du er med for å gjere kvardagen hans lettare ilag med miljøterapeut. Delar av stillinga blir i habiliteringstenesta.

Er du på utkik etter ein variert og kjekk kvardag? Ser du på deg sjølv som ein omsorgsfull, initiativrik og leiken person?

Vi ser etter deg som er ansvarleg, empatisk, tålmodig, punktleg, open og god på kommunikasjon. Er du i tillegg lærevillig, kreativ, har glimt i auget og er glad i aktivitet, kan det vere akkurat DEG vi ser etter! Helsefagleg bakgrunn vil vere eit pluss.

Du vil få god opplæring i alt du treng å vete. Ikkje nøl med å sende ein søknad eller ta kontakt med oss for meir informasjon!

Oppstart: Snarast

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere stell og personleg pleie, påkledning, mating, følge på skule, bruk av kommunikasjonshjelpemiddel, vise omsorg og ta ansvar. På dagar der han ikkje er i form til å gå på skule gje oppfølging i heimen. Stillinga inneber ingen arbeid på helg.

Kvalifikasjonar

  • Beherske godt norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring og interesse for arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne
  • gjerne helsefagleg bakgrunn
  • Politiattest av ny dato blir krevd framlagt
  • Personar som utdannar seg oppfordrast til å søkje på stillinga
  • Bilsertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar som beskreve over vert vektlagt
  • Vi søkjer ein omsorgsfull, stabil og påliteleg medarbeidar
  • Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendig
  • Er serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • God opplæring
  • God pensjonsordningi KLP
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Tilsett som Assistent/Pleiemedarbeidar om ikkje anna vert avklart

Kontaktinformasjon

Anna Birgitt Myklebust, Leiar Fjord habilitering, 41867990

Arbeidsstad

Stordalsvegen 669

6250 Stordal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune

Referansenr.: 5201842473

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.11.2026

Restid & pendling