Sjukepleiar/vernepleiar 100 % 6.kvar helg langvakter
Fyresdal Pleie- Og OmsorgssenterOm tjänsten
Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar.
Vi har legevakt i kommunen 24/7.
Hva vi ser etter
Personlege eigenskapar
- God fagleg dyktigheit og interesse for faget
- Gode kommunikasjonsevner
- Utviklingsorientert, handlekraftig, tilpassingsdyktig og fleksibel
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
- Likar utfordringar
- Har brukar i fokus
- Har stor arbeidskapasitet
- Ansvarsfull og stabil
- Gode digitale ferdigheiter
- Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Klinisk arbeid med pasientnær kontakt, grunnleggande pleie, sjukepleiefaglege og tekniske prosedyrer, medisinsk oppfølging og behandling
- Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar
- Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus
- Multidose- og generell legemiddelhandtering
- Assistere lege på legevakt ved behov
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- årssjukepleiarstudentar/vernepleiarstudentar og sjukepleiarar med vidareutdanning er også velkomne til å søke.
Vi tilbyr
Vi tilbyr
- Årsturnus, med moglegheit til å påverke eigen turnus
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Akuttkurs for legevaktspersonell
- Fagutvikling og simulering
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
- Løn etter tariff avtale
- Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen - Fyresdal er i sentralitetsklasse 6
- Kommunen har løpande inntak til barnehageplass
Tilsettingsvilkår:
- Det vil bli stilt krav om politiattest ved tilsetting
- Teieplikt
- Det er 6 månadar prøvetid ved tilsetting