Vi har ledig fast stilling i 100 % (10% av dette er frie timar) på natt i Miljøarbeidertenesta, avdeling 1 (Åsavegen, Furubu og Solsikka). Vi kan vurdere tilsetting i lågare stillingsgrad dersom det er ynskje.
På natt er du med på å sikre at bebuarane våre får eit trygt, godt og forsvarleg tenestetilbod. Arbeidet omfattar mellom anna observasjonar, oppfølging av individuelle tiltak og praktisk bistand etter behov. Du arbeider tett saman med to eller tre andre nattevakter og blir ein viktig del av laget rundt brukarane.
Miljøarbeidertenesta yter tenester til om lag 65 personar med utviklingshemming, nedsett funksjonsevne og psykiske lidingar. Vi er om lag 82 årsverk fordelt på åtte avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å gi fagleg solide tenester. Målet vårt er å bidra til at kvar enkelt brukar kan leve eit godt liv ut frå eigne føresetnader, ønskje og behov. Dette krev tilsette som møter menneske med respekt, omsorg og fagleg bevisstheit.
Som nattevakt må du rekne med å delta på personalmøte og fagmøte som er lagt inn i turnus på dagtid gjennom året.
Har du spørsmål om stillinga eller turnusordninga? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.
Oppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:
Kvalifikasjonar
Dersom det ikkje melder seg eigna søkjarar med relevant utdanning, kan det vere aktuelt å tilsette helsefagarbeidar eller anna relevant fagarbeidar.
Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Vi søker etter deg som
Vi tilbyr
For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar.
KontaktinformasjonElise Hestenes Fjelle, Avdelingsleiar miljøarbeidertenesta, 977 77 389
Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159
ArbeidsstadGrandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5163619353
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Gloppen