Hoppa till huvudinnehållet
Høyanger kommune Høyanger kulturskule logo
Ledigt jobb

Kulturskulelærar - Lavik

Høyanger kommune Høyanger kulturskule
  • OrtHøyanger
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan8 dagar kvar
  • Publicerad15 sep.

Om tjänsten

2. gongs utlysing

Kulturskulen er organisert under Høyanger skule, og har no ledig 20 % stilling som kulturskulelærar. Stillinga er ledig frå snarast og tom 31.07.27 – vikariat.

Oppmøtestad blir Lavik.

Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning av enkeltelevar og grupper innan piano.
  • Planlegging og gjennomføring av undervisning og framsyningar
  • Prosjekt i samarbeid med øvrig tilsette i kulturskulen
  • Utviklingsarbeid i kulturskulen
  • Rekruttering av elevar til kulturskulen

Kvalifikasjonar:

  • Ønskeleg med musikkutdanning på høgskulenivå med pedagogikk, men ikkje eit krav
  • Ønskjeleg med erfaring frå kulturskule eller liknande arbeid
  • Må kunne undervise på norsk
  • Søkjarar bør ha førarkort kl. B og disponere bil då noko køyring må påreknast

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Positiv og flink til å kommunisere med både born og vaksne
  • Evne til å legge til rette for å utvikle eit miljø som skapar relasjonar, tilhøyre til kulturskulen og motivasjon for læring og utvikling blant elevane
  • Fleksibel i høve arbeidsoppgåver
  • Tek utgangspunkt i den enkelte elev sine evner, føresetnader og ønskjer og er i stand til å tilpasse undervisninga etter dette

Vi tilbyr:

  • Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse»
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidstida er hovudsakleg i SFO-tid og utover ettermiddag/kveld. Noko arbeid i helg kan påreknast.

Det blir kravd politiattest av den som blir tilsett.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova

Link til søknadsskjema: Søk her