På grunn av permisjonar har Brattvåg barneskule ledig vikarstillingar som assistent/fagarbeidar, med snarleg oppstart. Ei av stillingane varer fram til jul, medan den andre er for om lag eitt år med mogelegheit for forlenging. Stillinga kan delast av fleire i mindre stillingsbrøkar.
Vi søker motiverte og engasjerte tilsette som har lyst til å gjere ein forskjell for elevane våre. Du vert då ein del av vårt flotte kollegium og får vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø.
Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har 200 elevar med mange ulike nasjonalitetar.
Skulen har innført leik og læring på dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.
Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.
I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
KontaktinformasjonUnni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.no
ArbeidsstadSkulesvingen
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5160950093
Stillingsprosent: 100, 80%
Vikar
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 18.12.2026
Søknadsfrist: 28.08.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Haram