Vi søker tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule og SFO skuleåret 2026/2027. Skriv i søknaden kva som kan vere aktuelt. Brattvåg barneskule er ein 1-7 skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har over 200 elevar frå mange ulike nasjonar. Skulen har innført leik og læring for dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen. Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna. I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida. I Haram kommune er gode og heilskapelege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv. Arbeidsoppgåver • Undervisning (lærarstilling). • Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkelt barn. • Gje barn positiv oppfølging og støtte. • Bidra i daglege aktivitetar og vere til stades for barna i kvardagen. • Bidra til tett og godt samarbeid mellom skule og heim. • Følge opp enkeltelevar etter behov, både fagleg og sosialt. Kvalifikasjonar • Undervisningskompetanse og/eller relevant fagkompetanse for lærarstilling. • Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage er positivt. • Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg. • God digital kompetanse. • Tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest. Personlege eigenskapar • Du må vere ein god rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på kvart enkelt barn. • Ha god relasjonskompetanse. • Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre. • Vi søker deg som er oppteken av gode løysingar, har gode samarbeidsevner, og som trivst i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar. Vi tilbyr • Ein variert arbeidskvardag som du kan vere med å forme. • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø. • Løn i samsvar med gjeldande tariffavtalar. • God pensjonsordning Kontaktinformasjon Unni N Krogsæter, Tenesteleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.no Arbeidssted Skulesvingen 6270 Brattvåg Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Haram kommune Referansenr.: 5144659648 Stillingsprosent: 0% Vikar Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 18.06.2027 Søknadsfrist: 01.06.2027
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.