Har du lyst å vere med og arbeide som lærar på Eidet skule? Vi søkjer etter ein lærar til 100% vikariatstilling resten av skuleåret 2026-2027 med ønskje om oppstart snarast råd etter tilsetjing. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med i underkant av 400 elevar frå 1. til 10. trinn. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek. Du kan vere med og skape ein skulekultur og innhald i den nye skulen til det beste for barn og unge i kommunedelen.
Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi vil samarbeide tett i kollegiet og det profesjonelle læringsfelleskapet. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.
I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
skulemiljø
KontaktinformasjonOle André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no
ArbeidsstadVatnevegen 41
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5167444623
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 12.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Haram