Hoppa till huvudinnehållet
Eidet skule, Haram kommune logo
Ledigt jobb

Tilkallingsvikarar som lærar og assistent

Eidet skule, Haram kommune
  • OrtHaram
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan20 juni
  • Publicerad31 aug.

Om tjänsten

Vi søkjer tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule og SFO skuleåret 2026/27. Skriv i søknaden kva som er aktuelt.

Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med litt under 400 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.

Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolte over å vere ein del av.

I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

ArbeidsoppgåverFølgjande arbeidsoppgåver er aktuelle:

Undervisning (lærarstilling)
Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkeltebarn
Gje barn positiv oppfølging og støtte
Følgje opp enkeltelevar med særskilte og samansette behov
Rettleie barn i leik og aktivitetar
Leggje til rette for og gjennomføre aktivititetar i skule og SFO
Personleg assistanse i høve av- og påkledning, stell og pleieoppgåver og måltid
Samarbeide med skulen sine tilsette

Kvalifikasjonar​

  • Undervisningskompetanse og relevant erfaring for lærarstilling
Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage
Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
God digital kompetanse
Godkjent politi- og tuberkulinattest

Personlege eigenskapar​

  • Likar å arbeide med barn og unge
God vaksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på kvart enkelt barn
Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre
Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ
Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar
Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer
Positiv og godt humør
Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr​

  • Ein arbeidskvardag der du gjer ein skilnad i barn og unge sine liv
Ny og moderne skule og SFO
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø
Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt
Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale

KontaktinformasjonOle André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no

ArbeidsstadVatnevegen 41

6265 VATNE

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5168070791

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Startdato: 01.09.2026

Sluttdato: 20.06.2027

Søknadsfrist: 20.06.2027