
Lunge post Hgsd, Helse Fonna HF · Haugesund
Vil du vere med på å gi pasientar med komplekse lungelidingar den beste behandlinga? Då er Lungeseksjonen staden for deg! Vi er ein del av Hjarte- og lungeavd...
Vil du vere med på å gi pasientar med komplekse lungelidingar den beste behandlinga? Då er Lungeseksjonen staden for deg!
Vi er ein del av Hjarte- og lungeavdelinga og har ein sengepost med 13 senger og ein poliklinikk med høg aktivitet. Her møtar du pasientar med blant anna KOLS, lungefibrose og astma, og du jobbar tett i tverrfaglege team.
Vi har no ledig ein fast stilling som sjukepleiar i 3-delt turnus. Hos oss får du god opplæring, fagleg støtte og øvingar som styrkjer kompetansen din. Vi samarbeider også med medisinsk intermediær overvaking (MIO) for pasientar som treng tett oppfølging.
Kva går jobben ut på?
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Kvifor skal du velje oss?
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
KontaktinformasjonRanveig Neset Enerstvedt, Funksjonsleder , 98879205, ranveig.neset.enerstvedt@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgata 120
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5154507989
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Vil du jobbe på avgiftningsposten der du får kome tett på pasienten? På avgiftningsposten – Avdeling for rus og avhengigheit (ARA) – møter du vaksne pasientar som har korte innleggingar med medisinsk og medikamentell oppfølging, i tillegg til miljøterapeutiske og sosiale tiltak. Vi har lokale i Haugesund og er ein del av klinikk for psykisk helsevern og rus. Vi ser etter deg som skaper tryggleik og tillit, samarbeider godt og er ein lojal og trygg kollega – med rausheit, godt humør og tydeleg kommunikasjon. Du jobbar godt saman med andre, men står òg stødig åleine når det krevst, og du er opptatt av ryddig og god dokumentasjon. Hos oss blir du del av eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og trivst på arbeidsplassen vår. Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med funksjonsleiar Kathrin Bjånes på på e-post eller telefon frå 03.08.2026. 👉 Du er velkomen til å søkje. Turnus dag/kveld med arbeid kvar 3. helg. Kva går jobben ut på? Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: • Miljøterapeutisk arbeid i det daglege. • Vere ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeidet med pasientgruppa. • Gå i ansvarsvakt og bidra til god flyt, prioritering og samarbeid i vakta. • Sikre trygg og forsvarleg medikamenthandtering i tråd med gjeldande rutinar. • Samarbeid med interne fagmiljø og eksterne instansar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som sjukepleiar. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Det er ein fordel med: • Vidareutdanning innan fagområdet og/eller erfaring frå rusbehandling. • Relevant kunnskap om farmakologien til ulike rusmiddel. • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som er oppriktig engasjert i pasientgruppa, og som byggjer tillit gjennom godt samarbeid. Du er ein lojal og trygg kollega som skaper gode relasjonar, kommuniserer klart og møter både pasientar og kollegaer med rausheit og godt humør. Du trivst i team, jobbar òg sjølvstendig når det trengst, og står stødig i krevjande situasjonar – med ryddig journalarbeid og god informasjonsflyt. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: • Eit arbeidsmiljø der vi trivst, støttar kvarandre og har det godt saman. • Høg fagleg kompetanse og engasjerte kollegaer. • Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling. • Ein arbeidsplass som legg vekt på inkludering og mangfald. • God rettleiing og opplæring. KontaktinformasjonKathrin Bjånes, Funksjonsleiar, +47 41863835, kathrin.bjanes@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5152028704 Stillingsprosent: 75% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Vil du vere med og redde liv – kvar dag? AMK-sentralen (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) søkjer ein engasjert og fagleg sterk medisinsk operatør. Hos oss får du ei sentral rolle i den akuttmedisinske kjeda, der du handterer naudtelefonar, koordinerer ambulanseoppdrag og samarbeider tett med andre naudetatar for å sikre rask og rett hjelp til pasientane våre. Dette er ei stilling for deg som klarer å halde roen når det hastar. Du kommuniserer tydeleg, stiller gode spørsmål og trivst med å jobbe tett saman med andre når presisjon og raske vurderingar betyr mykje. Du møter menneske i akutte og sårbare situasjonar, og er ofte den første trygge stemma dei høyrer når det verkeleg gjeld. 👉 Høyrest dette ut som ei rolle for deg? Då håpar vi du sender oss ein søknad. Kva går jobben ut på? • Svara på naudtelefonar 113. • Koordinera ambulansedrifta for AMK Haugesund og akutte helseressursar. • Samhandla med andre naudetatar og samarbeidspartnarar. • Registrera, dokumentera og oppdatera hendingar. • Varsla ved beredskap. • Delta i øvingar og fagleg utvikling. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha: • norsk autorisasjon som sjukepleiar, paramedisinar eller ambulansearbeidar • gode IT-kunnskapar • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Det er ein fordel om du har erfaring frå AMK eller anna akuttmedisinsk arbeid. Kva ser vi etter hos deg? Det viktig at du: • kommuniserer tydeleg og roleg, også når situasjonen hastar • trivst med å samarbeide tett med kollegaer og andre naudetatar • held oversikt og gjer gode vurderingar i ein arbeidskvardag med høgt tempo • møter menneske med respekt, tryggleik og profesjonalitet • tek ansvar, ser kva som må gjerast og ber om hjelp når det trengst • jobbar strukturert og nøyaktig, både sjølvstendig og i team Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: • Godt fagleg miljø med fokus på teamarbeid og utvikling. • Jamlege moglegheiter for fagleg påfyll. • Triveleg og godt arbeidsmiljø. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonTorbjørn Nornes, Funksjonsleiar, +47 91612094, torbjorn.nornes@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5148212176 Stillingsprosent: 60% Vikariat Startdato: 07.09.2026 Sluttdato: 30.09.2027 Søknadsfrist: 17.08.2026
Om stillinga og Nordhordland legevakt Vi har no ledig ein fast 23 % stilling på natt med arbeid kvar 3. helg ved Nordhordland legevakt. Nordhordland legevakt er ei interkommunal legevakt for 7 medlemskommunar (Austrheim, Fedje, Gulen, Alver, Masfjorden, Modalen og Osterøy). Legevakta ligg sentralt i Knarvik og er ein flott arbeidsplass i nytt helsehus. Legevakta er organisert etter vertskommunemodell med Alver kommune som vertskommune. Befolkninga i vårt område utgjer ca. 46 000 innbyggjarar. Næraste sjukehus er Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland universitetsykehus. Arbeidsoppgåver • Mottak og triagering av pasientar • Vurdere, observere og behandle akutt sjuke pasientar i tett samarbeid med lege • Prøvetaking og laboratoriearbeid Dokumentasjon i journalsystem ( Infodoc) Kvalifikasjonskrav • Autorisert sjukepleiar • Er du medisinstudent som har fullført 3. året kan du og søke • Sjukepleiarstudent som er ferdig utdanna sommar 2027 kan vurderast til stillinga Kven er du? • Du har interesse og motivasjon for arbeid på legevakt • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Du likar å arbeide både sjølvstendig og i team • Du trivst med høgt arbeidstempo og varierte oppgåver Vi tilbyr • Fagleg spennande og utfordrande oppgåver • Sjukepleiare i Alver kommune har pr. dd. kr 10 000,- over garantilønn i tariffavtalen • Godt arbeidsmiljø Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltredelse • helse- og omsorgstenestelova § 5-4