Ynskjer du å bidra til å fremje tryggleik for personar i omsorgssenter? Vi søkjer etter ein engasjert helsefagarbeidar i 80 % fast stilling til Herøy omsorgssenter, langtidsavdeling. Stillinga har for tida langvakter på 12,5 timar i turnus kvar 4.helg og er organisert i tredelt turnus.
Herøy omsorgssenter og er lokalisert på Eggesbønes og består for tida av tre seksjonar:
Frå 30. november 2026 vert seksjon raud og seksjon grøn ved Herøy omsorgssenter slått saman til éin felles seksjon.
Den nye seksjonen vil bestå av 30 langtidsplassar og skal sikre ei heilskapleg, fagleg sterk og berekraftig drift av tenestene til bebuarane våre.
Samanslåinga er ein del av arbeidet med å vidareutvikle omsorgstenestene i Herøy kommune. Målet er å styrkje fagmiljøet, skape større fleksibilitet i bemanninga og sikre god kvalitet og kontinuitet i tenestene til bebuarane.
Vi ser fram til å samle kompetanse og erfaring frå begge seksjonane for å vidareutvikle eit godt og framtidsretta omsorgstilbod ved Herøy omsorgssenter.
Stillingane er ledig frå 30. november 2026, med moglegheit til tidlegare oppstart dersom ønskeleg.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest for alle som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstenesta (jamfør helse- og omsorgstenestelova § 5-4).
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Søkarlista kan verte offentleggjort.
KontaktinformasjonCecilie Tarberg, Seksjonsleiar, +47 97020582
ArbeidsstadSjukeheimsvegen 5A
6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5090548968
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 30.11.2026
Søknadsfrist: 16.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Herøy (møre Og Romsdal)