Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtHerøy (møre Og Romsdal)
  • Omfattning–
  • Sista ansökan9 dagar kvar
  • Publicerad24 sep.

Om tjänsten

Ønsker du å bidra til ein trygg kvardag for personar med demens? Vi har ledig ei 100 prosents fast stilling som helsefagarbeidar ved Myrvåg omsorssenter, seksjon B. Her arbeider vi særskilt med individtilpassa miljøarbeid.

Arbeidstida er organisert i tredelt turnus, med arbeid kvar fjerde helg med 12,5 timers vakter på helg. Stillinga er ledig frå 01.01.2027.

Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar og høyrer til avdeling pleie og omsorg i sektor helse og meistring:

seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)

seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald

Arbeidsoppgåver​

  • pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim
individtilpassa miljøarbeid
utarbeide og fylgje opp tiltaksplanar
dokumentasjon etter gjeldande lovverk
rettleie og samarbeide med anna helsepersonell
rettleie og samarbeide med pårørande
bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar​

  • har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
har vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar​

  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
møter brukarar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
har vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
likar faglege utfordringar der arbeid på tvers av seksjonane gjer kvardagen spennande
har fokus på heilskapleg pasientforløp

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr​

  • løn etter gjeldande tariffavtale
gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
fagdag i turnus
stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
elektroniske kurs gjennom Glup og Visma Veilederen
IA-bedrift

Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av  gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

KontaktinformasjonAne Nærø, Seksjonsleiar, +47 93875336

ArbeidsstadÅsvegen 13

6080 Gurskøy

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5184600817

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.10.2026