Om tjänsten
Vil du vere med og gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som mottek helse og omsorgstenester?
Vi søker no ein engasjert og dyktig sjukepleiar i 80 % fast stilling, med arbeidsstad for tida ved Eggesbøtun.
Eggesbøtun ligg ved omsorgssenteret på Eggesbønes og består av 15 bustader i bufellesskap med heildøgnsbemanning. I tillegg omfattar tenesta 12 bustader ved Eldretun med delvis bemanning. Her møter du bebuarar med ulike behov og livshistorier, og du blir ein del av eit fagleg sterkt og omsorgsfullt arbeidsmiljø.
Vi arbeider kvar dag for å gi individuelt tilpassa og framtidsretta tenester av høg kvalitet. Målet vårt er at bebuarane skal få nødvendig helsehjelp, omsorg og støtte, samtidig som dei får leve så sjølvstendige og meiningsfulle liv som mogleg. Vi legg vekt på å styrkje den enkelte sine eigne ressursar, fremje meistring og bidra til tryggleik og livskvalitet i kvardagen.
Stillinga inngår i todelt turnus etter årsplan med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- individtilpassa pleie- og omsorgsoppgåver
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Autorisasjon og politattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- likar faglege utfordringar og er opptatt av å utvikle gode tenester
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
KontaktinformasjonMargrethe Djupvik, Seksjonsleiar, 90797064
ArbeidsstadSjukeheimsvegen 5
6092 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5194026926
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2026