Hoppa till huvudinnehållet
Hjelmeland kommune Årdal skule logo
Ledigt jobb

Vil du vera med å gjera ein forskjell i barns oppvekst?

Hjelmeland kommune Årdal skule
  • OrtHjelmeland
  • Omfattning–
  • Sista ansökan6 dagar kvar
  • Publicerad16 okt.

Om tjänsten

Visjonen vår er: Årdal skule - Trygt og godt, lærerikt og kjekt!

Målet vårt er: Aktive elevar som lærar gjennom praksis!

Vil du vera med å realisera dette?

Årdal skule er ein 1.-7. skule med om lag 70 elevar.

Me ynskjer tydelege, engasjerte og motiverte vaksne som er opptekne av å samarbeide for å skape gode lærings- og oppvekstvilkår for elevane.

Ansvar og arbeidsoppgåver

​- me søkjer etter ein miljørettleiar/fagarbeidar til arbeid i grunnskulen

  • nært samarbeid med andre som arbeider på skulen
  • oppfølging av elevar, både enkelt elevar og grupper, i og utanfor klasserommet
  • arbeidsoppgåver vert både i skule og i SFO

Kvalifikasjonar og vilkår​

​- 3-årig høgskuleutdanning som er relevant for arbeidet, fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller annan relevant utdanning for arbeid i grunnskulen

  • personar utan godkjent utdanning kan også søkje
  • det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Me søkjer etter ein person som​

  • har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
  • har eit pedagogisk engasjement, der elevane er i fokus
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
  • er løysingsorientert og fleksibel
  • kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg ny kunnskap
  • har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg (minimum B2)

Me tilbyr

​- løn etter gjeldande avtaleverk

  • pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale

​- skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid

  • gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • rettleiing av nyutdanna
  • ulike rekrutteringstiltak​, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

Anna​

  • Målform i Hjelmeland kommune er nynorsk

Vilkår ved tilsetjing

​I søknadsvurderinga legg me vekt på utdanning, praksis, undervisningsbehov og personlege kvalifikasjonar, jf. opplæringslova §10-5. Me tek atterhald om tilfredsstillande politiattest, jf. opplæringslova §10-9, og godkjent eksamen.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Politiattest

​Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.

Elektronisk søknadsprosess

​Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her​.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.

Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside​.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

Link til søknadsskjema: Søk her