Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtHyllestad
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan27 dagar kvar
  • Publicerad7 okt.

Om tjänsten

Kulturskulen har ledig vikariat i 60 - 100 % stilling frå januar 2027 - til sommaren 2027, med høve til forlenging.

Om oss

Kulturskulen i Hyllestad, Askvoll og Fjaler er ein interkommunal kulturskule med visjonen «Oppleve, skape, meistre». Kulturskulen har om lag 430 elevplassar og held til i moderne lokale i alle tre kommunane.

Arbeidsoppgåver

Som danselærar vil du blant anna:

  • Planleggje og gjennomføre dansetimar for barn og ungdom i ulike aldersgrupper
  • Legge til rette for kreativitet, meistringsglede og fellesskap gjennom dans
  • Bidra til kulturskulen sine danseforestillingar/ show og andre aktivitetar
  • Samarbeide tett med kollegaer og kulturkontaktar i regionen
  • Kommunisere godt med elevar og føresette

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan dans
  • God pedagogisk forståing og evne til å undervise barn og unge
  • Gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement og tryggleik i læringsmiljøet
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein medarbeidar som:

  • Er engasjert, fleksibel og strukturert
  • Er positivt og inkluderande
  • Evnar å tilpasse undervisninga til elevar med ulik erfaring og nivå

Tilsetting føreset godkjent politiattest i samsvar med lovverket. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn tre månader og skal leggast fram før tiltreding.

Vi tilbyr

  • Ein spanande og meiningsfull jobb i eit kreativt og inkluderande miljø
  • Godt fagleg samarbeid med engasjerte kollegaer
  • Løn og tilsetjingsvilkår etter gjeldande tariff og kommunale reglar
  • Moglegheit til å bidra i vidareutvikling av dansetilbodet

Slik søkjer du

Send søknad, CV og relevante vedlegg via vårt elektroniske søknadsskjema innan 15. november.

For meir informasjon om arbeidsplassen, sjå: Kulturskulen i Hyllestad, Askvoll og Fjaler - Hyllestad kommune

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her