
Hyllestad kommune Oppvekst, kultur og idrett · Hyllestad
Vil du vere med å gje tilbod om eit trygt og godt aktivitetstilbod for barn og unge i Hyllestad? Hyllestad kommune vil halde fram med tilbod om fritidsklu...
Hyllestad kommune vil halde fram med tilbod om fritidsklubb for barn og ungdommar i 5. - 10. klasse. Vi har opent ein ettermiddag i veka etter skuletid og fram til kl. 18.00. Klubben nyttar sosialt rom i Hyllestadhallen som base.
Føremålet med klubben er å skape ein meiningsfull sosial arena der ungdommar og større barn kan vere saman med jamaldrande og trygge vaksne. Dei unge får vere med å ta avgjerd om aktivitetar og innhald i tilbodet.
Kvar gong skal det serverast eit varmt måltid som nokre av barna er med på å lage.
Fritidsklubben er ein viktig arena for utvikling av sosial kompetanse.
Hyllestad kommune har ledig fast stilling som leiar for fritidsklubben, 13,33 % stilling, frå 10.august 2026. Arbeidstid per veke utgjer 5 timar, inkludert føre- og etterarbeid/planlegging. Aktivitetstilbodet følgjer skuleruta.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må kunne legge fram tilfredsstillande politiattest og helseattest.
Du er ein utadvendt, påliteleg, trygg og tydeleg vaksen - med eit stort hjarte for barn og unge.
Du har god kunnskap om, og er interessert i, kva dagens barn/ungdom er opptekne av.
Du har gjerne ulike ferdigheiter eller interesser som kan vere relevant for klubben sine tilbod (til dømes innan handverk, data, friluftsliv, kunst, musikk)
Du er god på relasjonar, flink til å lytte, kommuniserer godt med barn og ungdom og vil bidra til å skape eit godt og inkluderande miljø.
Ei stilling der du kan gjere ein forskjell i Hyllestadsamfunnet.
Pensjonsordning i KLP.
Løn etter kvalifikasjonar og tariff.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kvam brann og redning søkjer brannkonstabel til deltidsstyrka vår. Bakgrunnen for utlysinga er naturleg avgang frå deltidsstyrken. Me søkjer difor ein ny brannkonstabel til Norheimsund brannstasjon som ønskjer å bidra til eit viktig samfunnsoppdrag og vera ein del av den operative beredskapen i Kvam brann og redning. Me ser etter personar som har rett haldning, ønskjer å utvikla seg og vil vera med på å skapa ein trygg kvardag for innbyggjarane i Kvam. Erfaring frå brann- og redningsteneste er ein fordel, men ikkje eit krav dersom du har gode føresetnader for å gjennomføra nødvendig opplæring. Berre søkjarar som oppfyller krava til bustad, innsatstid og tilgjengelegheit kan tilsetjast. Kvam brann- og redningsvesen er organisert med deltidspersonell knytt til brannstasjonane i Norheimsund, Oma og Ålvik. Les meir om oss her:Kvam brann- og redningsvesen Arbeidsoppgåver Som brannkonstabel deltek du i den operative beredskapen i Kvam brann og redning. Du vil vera ein del av innsatsstyrken ved brann, trafikkulykker, redningsoppdrag, akutte forureiningssituasjonar og andre beredskapshendingar. Arbeidsoppgåver omfattar mellom anna: • delta i operativ innsats ved brann-, rednings- og beredskapshendingar • delta i vaktordning og vera tilgjengeleg for utrykking i samsvar med gjeldande vaktordning • delta på øvingar, kurs og anna nødvendig opplæring • halda ved lag nødvendig kompetanse og vera fysisk skikka for stillinga • bidra til vedlikehald og kontroll av materiell, utstyr og køyretøy • delta i førebyggjande og beredskapsrelatert arbeid når dette er aktuelt • samarbeida med kollegaer og andre naudetatar under øving og innsats • vera ein god representant for Kvam brann og redning For stilling ved Norheimsund inngår stillinga i heimevakt etter gjeldande vaktordning (heilkontinuerlig turnus kvar 4. veke) Kvalifikasjonar For å kunna tilsetjast må søkjaren oppfylla gjeldande krav etter brann- og redningsvesenforskrifta og interne krav i Kvam brann og redning. Me ser etter søkjarar som har: • fullført vidaregåande opplæring eller relevant yrkeserfaring • bustad innanfor fastsett innsatstid til aktuell brannstasjon • skriftleg løyve frå hovudarbeidsgjevar dersom dette er naudsynt • vilje til å gjennomføra lovpålagd opplæring og øving • god fysisk og psykisk helse, og vera fysisk og psykisk skikka til å utføra alle operative oppgåver som funksjonen krev. Det vert stilt fysiske krav til tenesta som må oppfyllast, mellom anna for røykdykkarteneste, arbeid i høgda og arbeid i tronge rom. • symjedugleik • førarkort klasse B • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • plettfri vandel. Den som vert tilsett, må vera førebudd på å leggja fram utvida politiattest før oppstart i stillinga Det vil telja positivt om du har: • førarkort klasse C, eller vilje til å ta dette for eiga rekning • utrykkingskompetanse (kode 160) • erfaring frå brann- og redningsteneste, industrivern eller anna operativ verksemd • dagleg arbeidsstad innanfor eller i nærleiken av innsatsområdet til Norheimsund brannstasjon er ein føremon • relevant fagbrev eller anna praktisk bakgrunn For kandidatar som manglar enkelte kvalifikasjonar kan det bli utarbeidd ein individuell opplærings- og kompetanseplan. Naudsynleg opplæring er eit sentralt krav, og du må vera førebudd på å be om fri/permisjon frå ditt faste arbeid for å gjennomføra deler av denne. Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på. Me ser etter deg som: • tek ansvar og samarbeider godt med andre • held roa og tek gode avgjerder under press • er praktisk, løysingsorientert og lærevillig • kommuniserer tydeleg og viser respekt for andre • følgjer rutinar og har fokus på HMS • bidreg til god lagånd og samarbeidar godt i team • opptrer med høg etisk medvit og gode haldningar • er empatisk, open og møter andre med respekt • ønskjer å utvikla deg fagleg og bidra positivt i laget Som brannkonstabel er du ein viktig del av den kommunale beredskapen. Me ser etter personar med gode haldningar som tek ansvar, viser omsorg for andre og bidreg til eit trygt, inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø. Praktisk informasjon om stillinga Vilkår for funksjonen For å kunna stå i funksjonen som brannkonstabel må alle krav til kompetanse, skikka for stillinga, bustad, innsatstid, tilgjengelegheit, førerett og operativ teneste vera oppfylte både ved tiltreding og gjennom heile tilsetjingsforholdet. Brannkonstablar i Kvam brann og redning er ein del av den operative innsatsstyrka, og røyk- og kjemikaliedykkarteneste er ein forventa del av funksjonen. Den som vert tilsett må difor til ei kvar tid oppfylla gjeldande krav til helse, fysisk kapasitet og skikkaheit for røyk- og kjemikaliedykkarteneste, og gjennomføra naudsynte testar, øvingar og helseundersøkingar i samsvar med gjeldande regelverk og interne rutinar. Den som vert tilsett har ansvar for å halda ved lag dei føresetnadene som ligg til grunn for tilsetjinga. Dersom forhold som bustadadresse, arbeidsstad, tilgjengelegheit, helse, førerett eller andre forhold endrar seg på ein måte som kan påverka evna til å oppfylla krava til funksjonen, skal dette meldast til arbeidsgjevar utan ugrunna opphald. Dersom føresetnadene endrar seg, kan dette få betydning for om den tilsette framleis kan stå i funksjonen. Arbeidsgjevar vil då gjera ei konkret og individuell vurdering av om føresetnadene for stillinga framleis er oppfylte, og om funksjonen kan utførast på ein forsvarleg måte. Me tilbyr: • ei viktig rolle i eit meiningsfullt samfunnsoppdrag • eit godt fagmiljø med dyktige kollegaer • opplæring, øving og kontinuerleg kompetanseutvikling • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver • eit godt kollegialt miljø med sterkt samhald og felleskap • løn og godtgjersle etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem • moglegheit til å utvikla deg vidare innan operativ beredskap og andre fagområde i brann- og redningstenesta Målet vårt er å utvikla trygge, kompetente og engasjerte brannkonstablar som er godt førebudde når det verkeleg gjeld. Mangfald Kvam brann og redning arbeider for eit inkluderande og mangfaldig arbeidsmiljø. Alle kvalifiserte søkjarar vert vurderte ut frå kompetanse og personlege eigenskapar innanfor gjeldande krav til stillinga. Me ynskjer særleg fleire kvinner i den operative beredskapen og oppmodar difor kvinner til å søkja. Generell informasjon: • Søknad og vedlegg skal sendast elektronisk via Webcruiter innan søknadsfristen. • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. KontaktinformasjonTorleif Ones, Leiar Kvam brann og redning, +47 901 46 975 ArbeidsstadSteinsdalsvegen 110 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5152014050 Stillingsprosent: 2,64% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Verksemdsleiar PPT og logopedkontoret – fast stilling 100% Ullensvang kommune Vil du vere med å forme framtida sine tenester for barn og unge i Ullensvang? Er du ein engasjert og utviklingsorientert leiar som brenn for eit likeverdig opplæringstilbod og gode oppvekstvilkår? Har du sterk fagleg kompetanse og lyst til å stå i front for vidareutvikling av tenesta vår? Då kan dette vere stillinga for deg. PPT og logopedkontoret er inne i eit spennande og viktig utviklingsarbeid, og vi søkjer no ein ny verksemdsleiar som vil vidareføre og styrkje dette arbeidet saman med oss. Om oss PPT og logopedkontoret yter pedagogisk-psykologisk teneste til barnehagar, skular og vaksenopplæringa. Logopedtenester til både barn og vaksne i Ullensvang kommune. Kontoret arbeider med sakkunnige vurderingar, systemretta arbeid og rettleiing, med vekt på tidleg innsats og god kvalitet i tenestene. Som verksemdsleiar vil du ha ei sentral rolle som bindeledd mellom skular, barnehagar og andre samarbeidspartar. Du vil rapportere til kommunalsjef for oppvekst og utdanning. Arbeidsoppgåver • Fag-, personal- og økonomiansvar for verksemda • Stå i front for tenesta og drive utviklingsarbeidet vidare • Bidra positivt til organisasjonsutvikling i kommunen • Utøve god nærleiing og sikre eit fagmiljø prega av psykologisk tryggleik og utvikling • Vidareutvikle kvalitetssystem og rutinar, og sikre at sakshandsaming skjer i tråd med gjeldande lovverk • Fremje tverrfagleg samarbeid, mellom anna gjennom BTI (Betre Tverrfagleg Innsats) Kvalifikasjonar • Relevant utdanning på masternivå innan pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi eller tilsvarande • Leiarerfaring, gjerne frå PP-teneste eller anna spesialpedagogisk/pedagogisk verksemd • Solid fagleg kompetanse innan PPT sitt arbeidsområde • God kjennskap til relevant lovverk, mellom anna opplæringslova, barnehagelova og forvaltningslova • Kjennskap til BTI og tverrfagleg samarbeid • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, gjerne på nynorsk Det er i tillegg ønskjeleg med: • Formell leiarutdanning (kan takast i etterkant av tilsetting) • Erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid Personlege eigenskapar: Vi søkjer ein trygg og synleg leiar som evnar å engasjere og skape oppslutning om felles mål. • Relasjonell og tillitsbasert: Du har svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. • Strategisk og heilskapstenkande: Du er målretta, strukturert og evner å sjå det store biletet. • Modig og iverksetjande: Du er løysingsfokusert, innovativ og har stor gjennomføringskraft i endringsprosessar. • Tydeleg og fleksibel: Du kommuniserer retning med autoritet, samtidig som du er lyttande og open for nye perspektiv. Personleg egnetheit vil bli sterkt vektlagt i prosessen. Vi tilbyr • Ei sentral leiarrolle med moglegheit til å forme tenesta vidare • Godt fagmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar • Høg grad av sjølvstende og innverknad i strategiske vegval • Løn etter avtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i norsk fagspråk med fokus på berekraft ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i norsk fagspråk ved Senter for norsk fagspråk, som ligg under Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar. Planlagd oppstart er så snart som mogleg. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. I stillinga får du ein unik moglegheit til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø. Om instituttet: Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studiar har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg. Om Senter for norsk fagspråk Forskingsprosjektet er knytt til Senter for norsk fagspråk (Fagspråksenteret) som er ei nasjonal satsing med finansiering frå Noregs forskingsråd. Senteret har som mål å samordne ein langsiktig nasjonal innsats for norsk språkforsking, utvikling og utdanning i terminologi og fagspråk, arbeidsspråk, leksikografi, namnegransking og språkteknologi. Senteret skal knyte til seg fleire stipendiatar og postdoktorar, og vil samarbeide med forskarar både nasjonalt og internasjonalt. Samarbeidspartnarar inkluderer Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, Universitetet i Agder, Høgskulen i Østfold og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Meteorologisk institutt, Helse Vest RHF og Institutet för språk och folkminnen, i tillegg til nasjonale og internasjonale institusjonar i og utanfor universitets- og høgskulesektoren. Om stillinga Stillinga er knytt til fokusområde 1 Terminologi og fagspråk i Fagspråksenteret (2025-2033). Gjennom ei tverrfagleg tilnærming skal aktivitetane i senteret bidra til å utvikle ny, empirisk kunnskap om kva rolle fagspråk spelar i samfunnet, korleis det fungerer, blir lært og brukt i ulike kontekstar. Den som blir tilsett som stipendiat, vil delta i eit delprosjekt som skal forske på formidling av ekspertkunnskap innan området berekraft. Delprosjektet studerer kva som skjer språkleg når kunnskap skal implementerast, omsetjast og reartikulerast frå globale rapportar till ein norsk kontekst på ulike fagfelt, i sjangrar med ulik grad av fagleg spesialisering og i tekstar nytta i utdanning, næringsliv og forvaltning, slik som lærebøker, anna undervisningsmateriell, leksikonartiklar og verksemders berekraftsrapportar. Terminologi og fagspråk er eit viktig aspekt som vil bli vigd særskilt fokus i dette delprosjektet. Prosjektet vil nytta metodar frå korpuslingvistikk, terminologi, nyordsstudiar, fagomsetjing, etnografi og dokument- og diskursanalyse. Delprosjektet har nært samarbeid med nordiske partnarar som driv forsking innan berekraftsterminologi. Delprosjektet vil også samarbeide tett med Termportalen, den nasjonale infrastrukturen for terminologi som er ein del av Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket ved UiB. Det vil blant anna vere eit mål å utvikle parallellspråkleg terminologi innan fagfeltet. Meir informasjon om Fagspråksenteret kan du finne her. Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga: Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse. Stillinga har ein samla periode på fire år: • 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet. • 1 år er sett av til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga vert avtalt ved tilsetjing. • Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden. Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: Søkjaren må ha: • Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan relevante fagfelt, til dømes språkvitskap, kulturvitskap, sosiologi og geografi. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeids- og formidlingsevner. • Evne til å ta initiativ og sikre god gjennomføring i arbeidet. • Evne til å samarbeide i tverrfaglege fellesskap. • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i eit skandinavisk språk ved tilsetting. • God framstillingsevne på engelsk, skriftleg og munnleg. Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå ph.d.-programmets pkt. 2.1. Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, og ein framdriftsplan for prosjektet. Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane, inkludert erfaring med relevante metodar. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er. Hos oss får du: • Eit godt og fagleg spennnande arbeidsmiljø. • Høve til å byggje sterke faglege nettverk. • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur. • Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 568 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. • Under «CV», oppgi: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste). • Språkferdigheiter. • Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • Under «Vedlegg» skal følgjande lastast opp som separate dokument: • Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Prosjektskissa skal også vise korleis det foreslåtte prosjektet bidrar til forskinga i fokusområde terminologi og fagspråk. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa. • Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid og ph.d.-programmet sin opplæringsdel. • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, skal dei lastast opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som oppgir oppgåva sitt omfang i ECTS. • Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider). • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste). • Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt. • Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar. Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Formelle reguleringar: • Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje stillinga. • Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon. • Kandidatar som allereie har doktorgrad på fagområde som overlappar med utlysinga vil ikkje bli vurdert. • Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, telefon:+47 55583653 eller leiar for Fagspråksenteret Marita Kristiansen, e-post: marita.kristiansen@uib.no, telefon:+47 55583069/97604624. Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post:fakadm@hf.uib.no. Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivtsærbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5