Me søkjer etter sjukepleiar til 100 % vikariat i Kvam heimeteneste
Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelparar jobbar tett saman i team. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Vi tilbyr
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonCharlotte Bjørge, Gruppeleiar Kvam heimeteneste, +47 48208990
ArbeidsstadAldehagevegen 42
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5178388174
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 24.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Kvam