Hoppa till huvudinnehållet
Helse og omsorg logo
Ledigt jobb

Jobb i helse og omsorg - open søknad

Helse og omsorg
  • OrtKvam
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan31 dec.
  • Publicerad1 jan.

Om tjänsten

Vil du jobba med menneske?

I pleie og omsorgstenesta har me eit kontinuerleg behov for vikarar. Vil du ha ein meiningsfull jobb - søk jobb hos oss.

Denne annonsa gjeld open søknad og søknad om arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp/matvert i helse og omsorg. Søknaden din vil gjelda til og med 31.12.2026. Er du interessert i arbeid etter 2026, må du søkja på nytt.

Leiarane i pleie og omsorg har til ei kvar tid oversikt over søkjarane til denne annonsa og vil ta kontakt med deg for samtale dersom du er aktuell for vikararbeid.

Vil du vita meir om dei ulike avdelingane i helse og omsorg og kva tenester me gjev - gå inn på heimesida vår kvam.no/tenester/helse-og-omsorg/

Arbeidsoppgåver​

  • Praktisk hjelp og pleie til bebuarar i institusjon eller eigne heimar
Miljøarbeid
Matvertar: Førebu, laga til, servera og delta i måltida

Du kan jobba som: ​

  • Sjukepleiar/sjukepleiarstudent
Vernepleiar/vernepleiarstudent
Helsefagarbeidar
Pleiemedarbeidar
Matvert - passar også for ungdomar 16-18 år

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova (gjeld ikkje matvertar) skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.

Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

Du er:

Interessert i omsorgsarbeid og glad i å hjelpa andre
Serviceinnstilt og engasjert
Fleksibel og løysingsorientert
Raus og inkluderande
Møter andre på ein respektfull og open måte
Meistrar norsk muntleg og skriftleg

Vi tilbyr​

  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
Opplæring vert gitt
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

KontaktinformasjonKjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, 948 86 215

Siw Waage Solvåg, Leiar for heildøgns omsorg, 992 74 317

Anne Vestrheim, Personalkonsulent, +47 56 55 30 34

ArbeidsstadGrovagjelet 16

5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5058117717

Stillingsprosent: 100, 50%

Vikar