Hoppa till huvudinnehållet
Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester logo
Ledigt jobb

Fast helgevaktstilling ved Rus- og psykiske helsetenester Utsikten bufelleskap

Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester
  • OrtKvinnherad
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad1 okt.

Om tjänsten

Omtale av stillinga

Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter assistent til 21% helgestilling fast i turnus. Arbeid kvar 3.helg.

Arbeidsstad på Valen, Utsikten Bufellesskap

Som tilsett ved Rus og psykisk helsetenester skal ein arbeide ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneberer å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring.

Tilsetting snarleg

Kvalifikasjonar

Erfaringskompetanse innan psykiatri vil vere eit føremon.
Førarkort klasse B.

Personelge eigenskapar

Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
Du må ha gode kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg.

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring.

Oppmodar menn til søkja til å søkja stillinga.

Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din.

Vi tilbyr:

Ei spennande og utfordrande stilling i ein dynamisk organisasjon.
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage.
Ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring per i dag.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje

skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta

offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje

søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Link til søknadsskjema: Søk her