Rekrutteringssak - Helsefagarbeidar 100 % fast Bu- og habiitering
Kvinnherad kommune Bu og habiliteringOm tjänsten
Bu- og habilitering nord og sør er to einingar i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for einingane er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.
Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.
Omtale av stillingane
- Ledig 100 % stilling som helsefagarbeidar ved Bu- og habiitering
- Arbeidsstad bufelleskap i Rosendal.
- Arbeidstida er turnusarbeid med ordinære vakter i vekene og 4. kvar helg (14 t.)
- Dersom det vert rekruttert internt, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetta i desse stillingane i same søkjarmasse.
Vi søkjer
- Etter personar med norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
Kvalifikasjonar
- Ha gode kommunikasjonsevner og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- God munnleg og skriftleg norsk framstilling
- Kunna takla utfordrande adferd.
- Ha sertifikat til bil
Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
Personlege eigenskaper
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
- Ansvarsfull og nøyaktig
- Sjølvstendig
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Ingen eigendomsskat pr. idag for hus , hytter og næring.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage.
Link til søknadsskjema: Søk her
Restid & pendling
Spara jobb & deadline-påminnelse
Sista ansökningsdag: 30 nov.Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger
När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.
Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Kvinnherad och dölj konkurrerande annonser på sidan.