Hoppa till huvudinnehållet
Fjone barnehage, Nissedal kommune logo

Fagarbeider - 100% vikariat (2.gongs utlysning) 

Fjone barnehage, Nissedal kommune
  • OrtNissedal
  • Omfattning–
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad4 nov.

Om tjänsten

Vil du vere med og skape verdas beste oppvekstbygd?

Fjone barnehage har ledig 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2027 - 10.10.2027.

I Nissedal kommune arbeider vi for at alle barn skal oppleve ein trygg, inkluderande og hjernevenleg oppvekst. Gjennom satsinga vår på «Verdas

beste oppvekstbygd» ønskjer vi å skape gode arenaer for leik, læring, meistring

og livsglede for alle barn og unge.

Er du å glad i å vere med barn, og ynskjer deg ein meiningsfylt jobb med varierte arbeidsoppgåver? Då er det kanskje deg me treng med på laget?

Arbeidsoppgåver

  • Skape gode dagar for barna gjennom omsorg, leik og læring.
  • Vere ein aktiv og engasjert deltakar i barnehagekvardagen.
  • Støtte barn si utvikling og meistring.
  • Byggje trygge relasjonar med barn, føresette og kollegaer.
  • Bidra til pedagogisk arbeid og utvikling av barnehagen.
  • Samarbeide i eit fagleg og inkluderande arbeidsfellesskap.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg. Andre fagbrev kan vere verdifullt. Personar utan formell kompetanse kan og bli vurderte.
  • Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel.
  • Førarkort klasse B
  • Du kan kommunisere godt munnleg på norsk.

Politiattest må leggast fram før tiltreding.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er varm, trygg og tilstadesverande i møte med barna. Du er engasjert,

samarbeidsorientert og bidreg positivt til fellesskapet. Du tek ansvar, viser

initiativ og evnar å vere fleksibel i ein variert og aktiv kvardag.

Personleg

eignaheit og evne til å byggje gode relasjonar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å spille kvarandre gode
  • Dyktige og engasjerte kollegaer med lang erfaring og glimt i auga.
  • Meiningsfylte arbeidsoppgåver med barnet sitt beste i fokus.
  • Ein liten barnehage med store muligheter.
  • Moglegheit til å vere med på utviklingsarbeid knytt opp til kommunen si satsing på hjernevenleg oppvekst.
  • Tilgang til relevant digital kompetanseheving gjennom kommunen sin kursportal "MerKompetanse."
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.

Nissedal kommune nyttar nynorsk som skriftspråk, og tilsette i kommunen pliktar å sette seg inn i kva det vil sei å vere ein nynorsk kommune.

Kontaktinformasjon

Maria Moland, Styrar Fjone barnehage, 468 53 091, maria.moland@nissedal.kommune.no

Arbeidsstad

Fjonevegen 2238

3855 Fjone

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5205142509

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 04.01.2027

Sluttdato: 10.10.2027

Søknadsfrist: 18.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 18 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Fjone barnehage, Nissedal kommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Nissedal och dölj konkurrerande annonser på sidan.