Ynskjer du ei spennande sjukepleiarstilling der du får kombinere ordinære sjukepleiaroppgåver med funksjonen som kreftkoordinator?
Heimetenesta sentrum har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar med delt funksjon som kreftkoordinator i Ørsta kommune.
Som kreftkoordinator skal du bidra til å koordinere og tilretteleggje kvardagen for personar med kreftsjukdom og deira pårørande. Du vil vere ein viktig ressurs i kommunen sitt arbeid med å samordne tenester og sikre gode pasientforløp. Kreftkoordinatoren skal bidra til utvikling av gode rutinar og system for kreftomsorg, samt vere ein støtte og rettleiar for pasientar, pårørande og tilsette.
Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar og trivst i ein variert og til tider hektisk arbeidskvardag. Hos oss møter du engasjerte og kompetente kollegaer som arbeider målretta for å gi individuelle og heilskaplege tenester med høg fagleg kvalitet.
I heimetenesta møter du brukarar med ulike og samansette helseutfordringar. Vi har eit sterkt fokus på å styrkje den enkelte sine eigne ressursar og leggje til rette for at brukarane kan leve mest mogleg sjølvstendige liv i eigen heim.
For å sikre kontinuitet og stabilitet i funksjonen som kreftkoordinator er den organisert som ei delt stilling. Du vil i tillegg vere ein del av vårt sjukepleiarteam og ta del i dei ordinære sjukepleiaroppgåvene i tenesta. Gjennom årsplanlegging og oppgåvedeling arbeider vi aktivt for å sikre nødvendig fagkompetanse gjennom heile døgnet og året.
Vi legg til rette for fagleg utvikling gjennom kollegarettleiing, e-læring, kurs og fagdager.
Vi ser etter deg som har engasjement, godt humør og eit ønske om å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du vil vere med på å utvikle framtidsretta, berekraftige og fagleg sterke tenester til innbyggjarane våre.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. I enkelte tilfelle vil det bli nytta gruppeintervju.
Vi tilbyr
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr.2
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
KontaktinformasjonNina Ulstein, Avd.leiar heimetenester vest, 953 60 759, nina.ulstein@orsta.kommune.no
Sigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 48010415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
ArbeidsstadDalevegen 24
6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 5173303780
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt ørsta