Om tjänsten
Vil du arbeide som saksbehandlar i ein jordskifterett? Hjå oss får du ansvar for eigne oppgåver, samtidig som du arbeider tett saman med fagleg sterke kollegaer med eit stort engasjement for domstolane.
Landet er delt inn i 19 jordskifterettar med ca. 230 tilsette. Jordskifteretten er ein særdomstol som i hovudsak arbeider med omforming av eigedommar, organiserer felles bruk av eigedommar, klargjer rettsforhold og grenser til fast eigedom, og ei rekke skjønn. Du kan lese meir på www.domstol.no/jordskifterettene.
Som saksbehandlar får du arbeide med eit breitt spekter av oppgåver, som å førebu, leggje til rette for og etterbehandle saker i nært samarbeid med jordskiftedommarane. I løpet av arbeidsdagen har du kontakt med partar, advokatar og andre profesjonelle aktørar. Di rolle er viktig og du bidreg til at sakene blir gjennomførte på ein effektiv og profesjonell måte til beste for brukarane av jordskifteretten.
Her er ingen dag lik, og din innsats er heilt nødvendig for at vi kan gjennomføre rettsakene. Sjå korleis tilsette i jordskifteretten presenterer stillingane sine på www.domstol.no/no/jobb-i-domstolene/jordskifterettene.
Møre og Romsdal jordskifterett har rettsstadar i Ørsta, Molde og Surnadal og denne stillinga er knytt til rettsstaden i Ørsta. Domstolen blir leia av ein
domstolleiar og har i dag seks jordskiftedommarar, ein dommarfullmektig, åtte tekniske utgreiarar og tre saksbehandlarar. Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Møre og Romsdal jordskifterett dekkjer alle kommunane i Møre og Romsdal samt Rindal kommune i Trøndelag.
Arbeidsoppgaver
Saksbehandlarane har ein kvardag med varierte oppgåver, som i perioder kan vere hektisk og krevjande.
Arbeidsoppgåvene er:
Saksbehandlarane er domstolen sin førstelinje og du vil derfor få ein del kontakt med publikum. Vi jobbar med stadig forbetring av rutinar og bruk av ny teknologi. Du vil vere ein viktig bidragsytar inn i dette arbeidet. I tillegg har i dag saksbehandlar i Ørsta ansvaret for innregistrering av fysisk post som kjem til domstolen.
Arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg etter domstolen sine behov.
Kvalifikasjoner
For å bli saksbehandlar bør du ha følgjande kompetanse:
Personlige egenskaper
- Du arbeider sjølvstendig og strukturert.
Vi tilbyr
I tillegg til ein jobb som er viktig for både enkeltpersonar og samfunnet får du:
Stillinga blir lønt som førstekonsulent (kode 1408)/rådgivar (kode 1434) etter Hovedtariffavtalen, avhengig av din kompetanse.
KontaktinformasjonAsbjørn Rogne, Jordskifterettsleiar, +(47) 976 94 840, asbjorn.rogne@domstol.no
ArbeidsstedStrandgata 5
6150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Møre og Romsdal jordskifterett
Referansenr.: 5189591182
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026