Hoppa till huvudinnehållet
Veidekke logo

Anleggsleder og driftsleder Nordfjord

Veidekke
  • OrtSandane
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan30 dagar kvar
  • Publicerad30 okt.

Om tjänsten

Vi har store og spennande oppdrag på gang, og ynskjer å styrke laget med anleggsleiar og driftsleiar i Nordfjord. Vi jobber

primært med prosjekt innan private næringsbygg, bustader, offentlege formålsbygg og anleggsrelaterte prosjekt innan fornybar

energi. Vi har prosjekt i heile Nordfjord.

Veidekke har eit sterkt fokus på menneska i organisasjonen og forventar at du er med og bidreg til å gjere oss betre som

organisasjon. Vi har stort fokus på innovasjon og samarbeider både på tvers av prosjekt og distrikt.

Profil

Som anleggsleiar har du ansvar for å planlegge og skape god og sikker drift på prosjektet, og du vil ha det overordna ansvaret for

at alt fungerer som det skal. Du vil sjølvsagt få solid støtte frå prosjektorganisasjonen vår, men det er ditt ansvar å sørge for

at prosjektet vert drive etter riktig framdrift og at produksjonen går etter planen. Dette betyr at du må ha god styring på

planlegging, økonomi, kontrakt, bemanning, HMS- og kvalitetsarbeid i prosjektet. Du har også leiaransvaret for våre medarbeidarar

på prosjektet. Hos oss vil du få styre alt frå mindre jobbar til store og kompliserte prosjekt, og planlegginga vil sette store

krav til deg som anleggsleiar.

Som driftsleiar har du ansvar for å leie den daglege drifta på prosjektet, og du fungerer som eit bindeledd mellom drift og

framdriftsplan. Du har dagleg produksjonsansvar med sterkt fokus på HMS og effektive prosessar. Du skal bidra til å sikre at

prosjektet oppnår måla om fornøgde kunder, kompetente og motiverte medarbeidarar, lønnssemd, skadefri produksjon og lav

miljøbelastning. Driftsleiar organiserer, delegerer og følger opp framdriftsplanen for produksjon, og koordinerer prosjektet sine

ressurser.

Kvalifikasjoner

Vi søker deg som har både ein teoretisk bakgrunn og byggeteknisk erfaring. Vi tenker at fylgjande er sentrale områder du kjenner

deg att i, trivast med og vert utfordra av:

  • Godt humør, stå-på-vilje, likar å jobbe i team – flink med folk!
  • Inspirerande leiar, kreativ og strukturert
  • Bachelor/Master innan byggfag eller teknisk fagskule
  • Allsidig erfaring frå bygg eller anleggsprosjekt
  • God kommersiell forståing
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne, i tillegg til aktiv bruk av digitale verktøy
  • Gode norskkunnskaper
  • Trivast både i felten, på brakka og kontoret

Vi ynskjer å få med deg som har tru på eiga gjennomføringsevne. Du tek eigarskap til prosjekta, evner å motivere, ser mulegheiter,

er resultatbevisst og kreativ. Det er viktig at du er initiativrik og handlekraftig. I Veidekke får du ansvar om du tek ansvar.

Gode idear, godt samspel og involvering er sentrale tema hos oss, og du må ynskje å utvikle deg sjølv og teamet du jobbar i. Kort

fortalt: Du er ein leiar med stort pågangsmot, er beslutningsdyktig og ein god lagspelar.

Vi tilbyr

Hos oss blir du ein del av eit miljø der vi ler mykje og støttar kvarandre gjennom tjukt og tynt. Her deler vi kunnskap, leverer

gode resultat og veks saman. Og ja, vi har det skikkeleg kjekt undervegs.

Du får jobbe med spennande prosjekt i Nordfjord og i resten av distriktet saman med trivelege kollegaer i eit sterkt fagleg miljø.

Vi ynskjer å vere ein organisasjon der alle blir sett, med stor fridom og høve for involvering og utvikling. Ein får ansvar og

tillit, og kunde, HMS og kontinuerleg forbetring står øvst på agendaen.

Du får konkurransedyktige vilkår, inkludert bonusordning, aksjeordning for medeigarskap, og gode pensjons- og

forsikringsordningar. Vi har bedriftshytter og ulike sosiale arrangement.

Har du spørsmål eller vil vite meir om stillinga? Vi tek gjerne ein prat med deg.

Kristian Kleppe, Avdelingsleiar Veidekke Bygg Sandane tlf 951 99 675

Ole Petter Henden, Distriktsleiar Veidekke Bygg Sogn og Fjordane tlf 977 75 643

Om arbeidsgivaren

Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar

og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar

kroner, og nær halvparten av dei 7 800 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten

i 1936 alltid gått med overskot.

Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og

andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 15,3 milliardar (2025), og verksemda har ca 2 800 tilsette, der 1 550 er

fagarbeidarar og 1 250 funksjonærar.

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 3 dec.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Veidekke

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Sandane och dölj konkurrerande annonser på sidan.