Hoppa till huvudinnehållet
Rogaland fylkeskommune logo

Undervisningsstilling innan idrettsfag, kroppsøving og friluftsliv

Rogaland fylkeskommune
  • OrtSauda
  • Omfattning–
  • Sista ansökan12 dagar kvar
  • Publicerad28 okt.

Om tjänsten

Arbeidsoppgåver:

Ved Sauda vidaregåande skule er det ledig inntil 100 % vikariat som lærar i idrettsfag, kroppsøving og friluftsliv. Vikariatet gjeld for perioden 22. februar 2027 til 1. februar 2028.

Me ser etter deg som har følgjande kvalifikasjonar:

  • undervisningskompetanse i kroppsøving og idrettsfag
  • godkjent politiattest
  • førarkort klasse B
  • god skriftlig og munnleg framstillingsevne på norsk, tilsvarande nivå B2

Om du finn skulen og stillingen interessant, men manglar delar av kompetansen, oppfordrar me deg likevel til å søka.

Personlege eigenskapar

Me søker ein person som kan skape eit godt læringsmiljø og legge til rette for gode læreprosessar for elevane. Klasseleiing, kommunikasjon, samarbeid og engasjement står sentralt. Det same gjer evne til nytenking og bruk av digitale verktøy. Utdanning, erfaring og personleg dugleik vil bli vurdert i ein heilskap.

Personleg eignaheit vil bli vektlagd

Me tilbyr:

  • utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap
  • høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet
  • gode faglege utviklingsmoglegheiter
  • offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar
  • lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk

Vårt samfunnsoppdrag

Rogaland fylkeskommune står framfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom visjonen vår «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland»forpliktar vi oss til å vere ein drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen ligg til grunn for alt vi gjer, og speglar målet vårt om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande.

Rogaland fylkeskommune vil mellom anna:

  • bidra til utvikling av levande og attraktive byar, sentrum og lokalsamfunn gjennom kompetanse, nettverksbygging, heilskapleg innsikt og gode prosessverktøy
  • sikre utdannings- og kompetansemoglegheiter i heile fylket
  • bidra til eit kortreist kvardagsliv gjennom samordna areal- og transportplanlegging
  • bistå kommunane med å leggje til rette for ei kunnskapsbasert og heilskapleg bustadforsyning som tek omsyn til både effektiv arealbruk og bustadmangfald
  • arbeide for gode og trafikksikre løysingar for gåande, syklande og dei som reiser kollektivt

Søknaden din bør innehalde:

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål (henta frå vitnemålsportalen.no) og attestar
  • godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) for utdanning frå utlandet

Restid & pendling