Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har ledig fast stilling i 100% som avdelingsleiar for studieførebuande utdanningsprogram (idrett og studiespesialisering) frå 1. januar 2027.
Vi søkjer deg som
byggjer gode relasjonar til elevar og medarbeidarar kommuniserer tydeleg og skaper tillit er utviklingsorientert og ser moglegheiter er strukturert og handlekraftig trivst med varierte oppgåver og høgt arbeidstempo set elevane si læring og trivsel i sentrum samarbeider godt og bidreg til å finne løysingar på tvers av avdelingar har høge ambisjonar på vegne av elevane, medarbeidarane og skulen Vi tilbyr
ei spennande og variert leiarstilling ved ein skule der du får vera tett på både elevar og tilsettemMoglegheit til å påverke utviklinga av skulen Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar faglege utfordringar og moglegheiter for leiarutvikling løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar 100 % fast stilling ledig frå 1.januar 2027 Som avdelingsleiar blir du ein del av skulen si leiargruppe. Du får ansvar for å leie og utvikle eigne avdelingar, samtidig som du må bidra aktivt i den samla drifta og utviklinga av skulen Arbeidsoppgåver
pedagogisk leiing og utvikling av avdelinga/ane personalansvar og tett oppfølging av medarbeidarar oppfølging av elevane sitt læringsutbytte, fråvær, trivsel og skulemiljø planlegging og organisering av skuledrifta i skuleadministrativt system (VismaInSchool) arbeid med kvalitetsutvikling og oppfølging av skulen sine resultat samarbeid med elevar, føresette og elevtenesta bidra til god ressursutnytting innanfor skulen sine rammer delta aktivt i skulen si leiargruppe og ta medansvar for heilskapen andre leiar- og driftsoppgåver etter behov Kvalifikasjonskrav
Skuleleiarutdanning. Erfaring frå skuleleiing kan erstatte formell utdanning Relevant høgare utdanning som kvalifiserer til undervisning Pedagogisk kompetanse og erfaring frå skuleverket Erfaring frå undervisning i vidaregåande opplæring er ønskjeleg God kjennskap til opplæringslova og skulen sitt samfunnsoppdrag Gode digitale ferdigheiter med blant anna kjennskap til skuleadministrativt system; VismaInSchool Ønskte eigenskapar
er synleg, tilgjengeleg, og tett på elevar og tilsette byggjer tillit og skaper gode relasjonar er tydeleg og trygg i leiarrolla kan motivere, støtte, og utvikle medarbeidarar arbeider systematisk, og kan prioritere i ein variert arbeidskvardag er fleksible, og villig til å ta del i ulike oppgåver samarbeider godt, og bidreg til å finne løysningar på tvers av avdelingar Søknad
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Link til søknadsskjema: Søk her