Vil du jobbe tett på sentrale digitale system – og vere med på å sikre at dei fungerer når det verkeleg gjeld?
Vestland fylkeskommune har eit stort og variert IKT-miljø med digitale tenester som kvar dag skal fungere for over 32 000 brukarar. No ser vi etter ein system- og applikasjonsforvaltar som vil vere med og sikre stabile, trygge og framtidsretta løysingar for heile fylkeskommunen.
Ei viktig oppgåve blir også å bidra i fylkeskommunen si kontrolltelling ved stortings- og fylkestingsval, der du får eit ansvar inn i koordinering av tekniske løysingar som klientar, skannarar, nettverk, brannmur, brukarar etc., med høgt fokus på IKT-sikkerheit.
Seksjon IKT har ansvar for all IKT i Vestland fylkeskommune. Vi er om lag 80 medarbeidarar og rundt 40 lærlingar, og arbeider tett saman på tvers av faggrupper og fagteam for å sikre robuste, trygge og framtidsretta løysingar for om våre brukarar.
Du treng ikkje kunne alt. Dersom noko av det vi skildrar treff deg, og du har lyst til å lære og utvikle deg vidare, vil vi gjerne høyre frå deg!
Arbeidskvardagen vil vere variert, med både dagleg drift og oppgåver knytt til utvikling og forbetring av tenestene våre.
Vi ser etter deg som har teknisk forståing, interesse for systemforvaltning og lyst til å ta ansvar for viktige digitale tenester.
Erfaring med valrelaterte system er interessant, men ikkje eit krav.
Vi forventar ikkje at du kan alt. Det viktigaste er at du har god teknisk forståing, er nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg vidare.
Vi tek arbeidet vårt på alvor, men ikkje oss sjølve for høgtideleg. For oss er humor, godt humør og det å ha det kjekt på jobb ein viktig del av kvardagen.
Vi ønskjer at medarbeidarane våre skal utvikle seg i jobben. Derfor legg vi til rette for intern opplæring, kurs, seminar og kunnskapsdeling på tvers av fagmiljøa.
Seksjon IKT har høg trivsel, og vi legg vekt på både fagleg og sosialt fellesskap. Vi har mellom anna ein eigen Teams-kanal der medarbeidarane kan ta initiativ til sosiale aktivitetar som padeltennis, fjellturar, dart og spelekveldar.
Vi har også årlege samlingar for heile seksjonen, i tillegg til eigne samlingar i faggruppene.
Vil du vere med og sikre at sentrale digitale system fungerer – både i kvardagen og når det verkeleg gjeld? Då gler vi oss til å høyre frå deg!
KontaktinformasjonØyvind Daae Johansen, leiar, 91730197
ArbeidsstadAskedalen 2
6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5176195301
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sogndal