Hoppa till huvudinnehållet
Flatraket barnehage, Stad kommune logo
Ledigt jobb

Barne- og ungdomsarbeidar på Flatraket 

Flatraket barnehage, Stad kommune
  • OrtStad
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan6 dagar kvar
  • Publicerad13 okt.

Om tjänsten

Flatraket barnehage har ledig stillling som barne- og ungdomsarbeidar: 60 % fast stilling, samt 40 % vikariat t.o.m. 14.08.2027. Oppstart snarast råd.

Barnehagen ligg sentralt på Flatraket med gangavstand til skule, butikk, industri, gard, fotballbane og ein nydeleg natur med både skog og fjøre. Vi har og ein eigen liten grønsakshage ved siden av barnehagen. Barnehagen har eit nært samarbeid med skulen, særskilt siste året før barnet byrjar på skulen. Det er 14 born og 6 tilsette i barnehagen.

Målet vårt er å saman med foreldra gi barna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Arbeidsoppgåver​

  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
Dagleg oppfølging av barna
Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for barna
Delta og bidra i samarbeid med kollegaer og føresette

Kvalifikasjonar​

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
Ufaglærte med praksis og motivasjon til å ta fagbrev kan bli vurderte

Personlege eigenskapar​

  • Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, munnleg og skriftleg
Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og du kan jobbe sjølvstendig
Du har evne til å sjå det enkelte barnet
Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn

Vi tilbyr​

  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
Godt og nært fagleg samarbeid
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt.

Søkjarar må laste opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden.

Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.

Stad kommune har seks månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

KontaktinformasjonHelena Fure, Styrar Flatraket barnehage, 91187136, helena.fure@stad.kommune.no

ArbeidsstadFv618 220

6717 Flatraket

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5193128810

Stillingsprosent: 60, 40%

Fast, Vikar

Søknadsfrist: 25.10.2026