Hoppa till huvudinnehållet
NPS Seksjon rus, Helse Førde logo
Ledigt jobb

LIS 3 i rus- og avhengnadsmedisin nyoppretta utdanningsstilling

NPS Seksjon rus, Helse Førde
  • OrtStad
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan27 dagar kvar
  • Publicerad28 aug.

Om tjänsten

Ved Nordfjord psykiatrisenter har vi frå 01.01.2027 ledig ei nyoppretta fast stilling som LIS 3 i rus- og avhengnadsmedisin.

Seksjon rus er ein av tre seksjonar ved Nordfjord psykiatrisenter og tilbyr tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til personar over 18 år med rus- og avhengnadsutfordringar. Vi har 10 døgnplassar og ei føretaksdekkjande sjukehusfunksjon innan døgnbehandling i TSB for Helse Førde.

Arbeidsoppgåver​

  • LIS 3 inngår i Nordfjord psykiatrisenter sin forvaktvaktordning, for tida femdelt vakt
Utgreiing, diagnostisering og behandle pasientar
Koordinere behandling for tildelte pasientar, som pasientansvarleg behandlar
Delta i pasientinntak og inntaksmøte
Samhandling med pårørande og aktuelle samarbeidspartar
Oppfølging av medisinstudentar i praksis

Kvalifikasjonar​

  • Norsk autorisasjon som lege
Fullført LIS1 og oppfyller krava for oppstart av spesialistutdanning i Noreg
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Søkjarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk må som minimum ha bestått norsktest på B2 - nivå

Personlege eigenskapar​

  • God på samarbeid, kommunikasjon og er løysingsorientert
Gode faglege vurderingsevner
Pasientorientert og kan skape gode relasjonar
Kan jobbe målretta over tid
God rolleforståing
Trivst med å arbeude tverrfagleg i team og ønskjer fagleg utvikling

Personlege eigenskapar og personleg eignaheit vil bli tillagde stor vekt ved tilsetting.

Vi tilbyr​

  • Eit fagmiljø med høg kompetanse
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Individuell utdanningsplan i samsvar med nasjonal utdanningsforskrift
Heile spesialistutdanninga kan gjennomførast ved Nordfjord psykiatrisenter
God opplæring, rettleiing og fagleg støtte, deltaking i felles LIS-undervisning i Psykisk helsevern Helse Førde
Stilling som spesialist ved fullført utdanningsløp
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordninar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonTrond Fjetland Aarre, Avdelingssjef og overlege, 57864341 / 57864330

Arild Krogh Nøstdal, Seksjonsleiar NPS Rus, 57864342 / 57864330

ArbeidsstedSjukehusvegen 9

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5172099271

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.11.2026