Bustadsosialt team og Ambulant team søkjer etter sjukepleiar - miljøterapeut.
Er du ein engasjert sjukepleiar eller har anna 3 årig relevant helseutdanning, og ønskjer å arbeide med menneske innan psykisk helse og rus. Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt! Helsefagarbeidarar er også velkommen til å søke.
Avdeling psykisk helse og rus i Stord kommune er organisert i Tenester til heimebuande. Innan psykisk helse og rus gir me målretta og fagleg sterke tenester til heimebuande brukarar.
Stillinga har dagvakter i vekedagar, med arbeid kvar 3. helg i årsturnus.
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktinformasjon: Avdelingsleiar Silje Nordtveit Leivestad, mobil 92 64 71 03 eller einingsleiar Kristin Steinsland, mobil 41 69 42 66
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Stord