Søkjer du ein interessant jobb med spanande utfordringar, der du får nytta erfaringa og kompetansen din? Då kan du vera den rette personen for oss.
Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS si viktigaste oppgåve er å yta tenester og service til innbyggjarane i form av øyeblikkeleg helsehjelp. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår for å nå dette målet. Kulturen og personalpolitikken vår er baserte på å fremja personleg utvikling, ansvarskjensle og arbeidsglede hos den einskilde medarbeidaren.
SIL dekkjer akutttenester for om lag 35 000 innbyggjarar. I tillegg er legevakta legevaktsentral for Kvinnherad og Tysnes kommunar. Avdelingane har eit sterkt fagmiljø med god sjukepleiedekning og tett samarbeid med legar. Her utfører ein laboratoriearbeid i tillegg til ei rekkje medisinske og kirurgiske prosedyrar.
Sunnhordland interkommunale legevakt har ledig fast 70 % nattstilling for sjukepleiar. Stillinga er fordelt mellom legevakta og Døgnavdeling IDA, og er ledig etter avtale med leiar.
Du vert ein del av eit erfarent team på legevakta og vil arbeida som sjukepleiar nummer to på vakt saman med dyktige og erfarne kollegaer.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Stord