Leirvik AS søkjer til våre pågåande og framtidige prosjekter ein planleggar med erfaring frå prosjektplanlegging av større prosjekt. På anlegget vårt på Leirvik, Stord, vil du som planleggar bli ein viktig del av prosjektleiinga, og få vera med på prosjekta frå start til slutt. Du vil vera med i etableringa av aktivitetar, oppfølging av framdriftsplan og vidareutvikling av prosjektplan. Du vil òg bidra til utvikling av bedrifta sin systematikk for prosjektplanlegging og gjennomføring.
I Leirvik får du moglegheit til å arbeide saman med mange dyktige menneske på tvers av ulike fagfelt. Di oppgåve blir å fungere som ein plankoordinator for desse ulike fagfelta, gjennom heile prosjektperioden. Det er også viktig at planar for prosjektet mogleggjer god framdrift og legg til rette for at dei måla og milepælane som blir satt undervegs, blir overhalde.
Ein av dine gode eigenskapar er evna til å kommunisere tydeleg og klart, både skriftleg og munnleg. Du er god på å forklare dei ulike stega av prosjekta på ein enkel og forståeleg måte og evner å gi klar instruks til deltakarar i prosjekta. Du er også analytisk anlagt og ser stadig etter forbetringspunkt og tiltak som kan hjelpe med å utvikle og effektivisere dei ulike prosessane.
Du er glad i å lære nye ting og likar å halde deg oppdatert på nye metodar innan prosjektgjennomføring.
Arbeidsoppgaver
Kvalifikasjoner
Personlige egenskaper
Vi tilbyr
KontaktinformasjonArne ottesen, SVP Leirvik Industrial Solution, 48297004
Øystein Rykkje, Manager Planning, 93039034
Tor Erik Gjuvsland Eide, Senior HR Advisor, 92210930
ArbeidsstedStorhaugvegen 130
5416 Stord
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Leirvik AS
Referansenr.: 5172386826
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Stord