Hoppa till huvudinnehållet
Stryn Kommune logo
Ledigt jobb

Reiselivskoordinator

Stryn Kommune
  • OrtStryn
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan9 dagar kvar
  • Publicerad7 okt.

Om tjänsten

Vil du vere med og utvikle reiselivet og forme framtidas besøksforvaltning i ein kommune med spektakulær natur, sterke lokalsamfunn og høge ambisjonar – og samtidig ha ei sentral, operativ rolle i gjennomføringa?

Stryn kommune søkjer ein engasjert, fagleg sterk og tydeleg operativ reiselivskoordinator.

Du vil få ei utviklande og koordinerande rolle for reiselivet i Stryn kommune. Du vil jobbe ute i felten i pressområder i høgsesong - “hands on”, og sjå til at turiststraumen fungerer godt. Reiselivsnæring i Stryn kommune i samarbeid med Nordfjord Havn tek i mot mange gjester som kjem med cruisebåtar til indre Nordfjord. Ein viktig del av jobben er å legge til rette for gode opplevingar også for desse. Utanom sesong, vil du ha kontorplass i administrasjonen i Stryn kommune og jobbe med besøksforvaltning og tilrettelegging for reiselivet.

Stillinga ligg under eining for Samfunnsutvikling, og du vil arbeide i eit tverrfagleg miljø med dyktige kollegaer innan plan, byggesak, eigedom, næring og landbruk og i tett samarbeid med Nordfjord havn. På grunn av driftsbehov i høgsesongen (juni–august), må ferie i utgangspunktet planleggjast og avviklast utanfor desse månadane.

Arbeidsoppgåver​

  • Handtering av cruiseturisme, inkludert informasjonsarbeid og logistikkoppgåver på kai ved cruiseanløp, og deltaking i planlegging/kontaktmøter med Nordfjord Havn
Koordinere reiselivsaktørar for trygg trafikkavvikling
Oppfølging og tilsyn av fellesgoder i pressområder - høgsesong
Vere kontaktpunkt til bygdelag ifht reiselivsutvikling
Følgje opp arbeidet med Merket for berekraftig reisemål, handlingsplan
Produktutvikling – sti, utsiktsrydding, informasjon
Prosjektoppfølging
Andre diverse reiselivsrelaterte oppgåver

Kvalifikasjonar​

  • Erfaring frå reiselivsnæringa
Relevant utdanning frå høgskule eller universitet (td. reiseliv, friluftsliv, naturforvaltning, besøksforvaltning, planlegging, prosjektleiing)
Kjennskap til relevant lovverk og offentleg forvaltning
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Moglegheit til å jobbe i høgsesong (sommar)

Det er ønskjeleg med:

Interesse for lokal samfunnsutvikling
Erfaring frå naturbasert reiseliv og besøksforvaltning
Erfaring frå saksbehandling i offentleg sektor

Personlege eigenskapar​

  • Løysingsorientert, med god evne til å kommunisere
Utadvendt og serviceinnstilt
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr​

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
Eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar
Arbeidsstad i naturskjønne Stryn – der fjord møter fjell
Nedskriving av studielån gjennom Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr 25.000,- for buande i Stryn kommune.

KontaktinformasjonSiv Randi Berstad, Konst.avdelingsleiar berekraft og næring, siv.berstad@stryn.kommune.no

ArbeidsstadTonningsgata 4

6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 5191279992

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.10.2026