Hoppa till huvudinnehållet
Suldal kommune Suldal heimeteneste logo
Ledigt jobb

2.gongs utlysing av Avdelingsleiar i heimesjukepleien

Suldal kommune Suldal heimeteneste
  • OrtSuldal
  • Omfattning–
  • Sista ansökan20 dagar kvar
  • Publicerad16 okt.

Om tjänsten

Heimetenestene i Suldal kommune søkjer vikar som avdelingsleiar for heimesjukepleien i 100 % stilling, i perioden frå snarast og fram til 31.08.2027. Unde heimesjukepleien ligg også praktisk bistand og dagsenterdrift. Avdelingsleiar har personal- og fagleg ansvar for tilsette i avdelinga, og er ein sentral del av leiargruppa i eininga. Interne vert oppmoda til å søkje, og kvalifikasjonsprisippet vert fulgt.

Om oss

Suldal heimetenester er den største kommunale eininga i Suldal og er delt i to hovudavdelingar - Heimesjukepleien (inkl Praktisk bistand og Dagsenterdrift) og Psykisk helse (inkl  ROP-teneste, tildelingskontor, Demenskoordinator, ergoterapeut, Barne-og familieteam og Barnekoordinator). Me er om lag 80 tilsette fordelt på omlag 55 årsverk. Me yt tenester til innbyggjarar i alder 0 - 100 år +, heile døgnet, og har tenestemottakarar i heile kommunen. Me er engasjerte og framtidsretta, og jobbar etter arbeidsmetodar som fokuserer på «Gode pasientforløp».

Arbeidsoppgåver

Personalansvar for dei tilsette i avdelinga.
Dagleg drift i avdelinga.
Oppfølging av sjukemelde
HMS-oppfølging/ansvarleg i avdelinga; ansvar for arbeidsmiljø og arbeidsforhold
Medarbeidarsamtalar i avdelinga.
Ansvar for at det skjer fagleg utvikling i avdelinga, herunder å planlegge og kalle inn til internundervisning, halde oversikt over kompetansebehov, og samarbeide tverrfagleg ved behov, både internt og eksternt.
Opplæring av nytilsette – avklare opplæringstider og bruke «opplæringshefte for nytilsette».
Turnusarbeid
Følgje opp satsingsområda for heimetenesta, jf. Gode pasientforløp, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi og andre tiltak som bidrar til auka sjølvstende i eigen heim.
Ta medansvar for organisering innflytting  og drift av Vinjarheim bukollektiv

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som sjukepleiar, eventuelt annan relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning.
Relevant erfaring frå heimetenesta eller annan kommunal helse- og omsorgstjeneste.
Erfaring med leiing, koordinering eller fagansvar er ein fordel.
Kjennskap til turnusplanlegging og arbeidstidsbestemmelser.
God digital kompetanse, gjerne erfaring med elektronisk journalsystem.
Gode norskkunnskapar, muntleg og skriftleg.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing, jf. krav i helse- og omsorgstenestelovgivinga.

Vi søkjer deg som

Er tydeleg og trygg i leiarrolla, og god på å byggje relasjonar.
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Er strukturert, løysingsorientert og handlekraftig.
Kan arbeide sjølvstendig og ta initiativ i ein hektisk arbeidsdag.
Har interesse og engasjement for fagleg utvikling og kvalitetsarbeid.

Vi tilbyr

Spennande og utviklande leiaroppgåver i eit godt fagmiljø.
Løn etter avtale / gjeldande tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Ein arbeidsplass med fokus på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling.
Ein del av ei engasjert leiargruppe i eininga.

Slik søkjer du:

Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje.
Vedlegg: CV, relevante vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden. Vitnemål og attestar må lastast opp som vedlegg, og vil bli brukt ved eventuelt intervju.
Treng du hjelp, kan du kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.

Link til søknadsskjema: Søk her