Hoppa till huvudinnehållet
Suldal kommune Kjølvikstølen barnehage logo

Likar du å jobbe med barn ?

Suldal kommune Kjølvikstølen barnehage
  • OrtSuldal
  • Omfattning–
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad5 okt.

Om tjänsten

Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar,  - frå mindre barnehagar med minstetal 6 plasser, til oppvekstsenter og større einingar med over 80 plasser - alle med sine eigne kvalitetar.

Kjølvikstølen barnehage ligg midt på Ropeidhalvøya i Grendahuset sitt bygg. Me har fin uteplass kor born kan utfordre seg i ujevnt terreng. Fint miljø rundt, mykje skog og fin natur, tilgang til strand og gardar i nærmiljø.

Me jobbar saman mot målet:

«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»

Som pedagog hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.

Om stillinga:

  • Stillingsstorleik: 100%
  • Stillingtype: Fast
  • Stilling ledig frå: Snarast

Arbeidsoppgåver:

  • Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
  • Møtedeltaking.
  • Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
  • Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
  • Samarbeid med ulike instansar.
  • Ansvar for vurdering og dokumentering.

Er du klar?  Me treng deg! Kven ser me etter?

  • Du har godkjent barnehagelærarutdanning.
  • Du planlegg og gjennomfører aktivitetar som vekker nysgjerrigheit, motivasjon og utvikling hos borna.
  • Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg.
  • Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt.
  • Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre.
  • Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i barnehagen sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt barnehagemiljø.

Kraftlaget – kva får du hos oss?

Arbeidsmiljø

Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.

Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.

Fleksibilitet og kvardagsliv

Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.

  • Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner
  • Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner
  • Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner

Utviklingsmoglegheiter

Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.

Bu i Suldal

Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt.

Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.

Hjå oss i Suldal kommune får du:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff
  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Link til søknadsskjema: Søk her

Restid & pendling