Hoppa till huvudinnehållet
Laboratorieavdelingane i Førde, Helse Førde logo

Bioingeniør, bioingeniørstudent  

Laboratorieavdelingane i Førde, Helse Førde
  • OrtSunnfjord
  • Omfattning–
  • Sista ansökan17 jan.
  • Publicerad30 okt.

Om tjänsten

Laboratorieavdelingane ved Førde sentralsjukehus søkjer vikarar til sommarferien 2027.

Vi treng fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar – og søkjer deg som ønskjer ein spennande sommarjobb i laboratorietenesta.

Praktisk informasjon

Ferievikariat gjeld for perioden 01.06.2027 - 15.08.2027, eller etter avtale. Opplys i søknaden kva periode det er aktuelt for deg å arbeide.

Dei som vert tilsett i sommarjobb, kan også få tilbod om ekstraarbeid i samband med høgtider og andre ferieperiodar.

Om oss

Helse Førde tilbyr eit breitt spekter av analyser innan ulike fagområde. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår, og vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka, Vi legg til rette for at medarbeidarane våre skal trivast, utvikle seg og yte sitt beste. Bli med oss!

Laboratoria i Førde har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har fleire sosiale aktivitetar gjennom året og ønskjer alltid nye kollegaer velkomne.

Dette er ei felles utlysing for:

  • Medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB)
  • Mikrobiologisk avdeling
  • Avdeling for patologi

Har du ønske om å arbeide ved eitt bestemt laboratorium, kan du opplyse om dette i søknaden. Vi vil så langt det er mogleg ta omsyn til ønsket ditt, men vi kan ikkje garantere plass ved eit bestemt laboratorium.

Praktisk informasjon

Ferievikariat gjeld for perioden 01.06.2027 - 15.08.2027, eller etter avtale. Opplys i søknaden kva periode det er aktuelt for deg å arbeide.

Vi håpar du vil søkje og bli ein del av arbeidsmiljøet vårt!

Arbeidsoppgåver

  • Utføre analytiske- og preanalytiske oppgåver etter godkjente prosedyrer og gjeldande lover og regelverk
  • Registrering av nye prøvar

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør/1.- 3. års bioingeniørstudent
  • Andre med relevant utdanning eller praksis kan bli vurdert
  • Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg

Oppgje referanse ved utdanning og tidlegare arbeidsgjevar, samt legg ved karakterutskrift over avslutta fag.

Personlege eigenskapar

  • Påliteleg og arbeidsam
  • Kunne arbeide i team
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Bistand til å skaffe bustad

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cecilie Bruflot, Seksjonsleiar patologi, 412 35 613

Nina Hole Rasmussen, Seksjonsleiar LMBB, 993 64 796

Marianne Schiefloe Myklebust, Konst. avdleingssjef mikrobiologisk avdeling, 986 64 325

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2

6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5202466785

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.06.2027

Sluttdato: 15.08.2027

Søknadsfrist: 17.01.2027

Restid & pendling

Arbetsgivare • Laboratorieavdelingane i Førde, Helse Førde

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Sunnfjord och dölj konkurrerande annonser på sidan.