Om tjänsten
Intensiv Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling for engasjert og dyktig intensivsjukepleiar. Oppstart i løpet av året, eller etter avtale.
Om stillinga
Stillinga inngår i årsturnus med tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg. Arbeidsstad er Førde sentralsjukehus. Stillinga kan ikkje delast.
Det er krav om deltaking i tredelt turnus, inkludert sein- og nattevakter.
Om avdelinga
Intensivavdelinga i Førde har sentralsjukehusfunksjon for Sogn og Fjordane. Avdelinga behandlar både medisinske og kirurgiske pasientar, frå pasientar som treng oppfølging etter mindre kirurgiske inngrep til intensivpasientar med behov for non-invasiv eller invasiv respirasjonsstøtte.
Avdelinga tilbyr pasientar mellom anna hemofiltrasjonsbehandling og hypotermi etter hjartestans.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver varierar frå behandling av postoperative pasientar, til meir avansert overvakings- og intensivbehandling.
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon som sjukepleiar og vitnemål med bestått intensiv vidareutdanning
Personlege eigenskapar
- Det blir vektlagt at ein kan samarbeide i team, og ha evne til å kunne takle periodar med stress, men og takle roligare perioder der ein likevel jobbar med fag.
Personlige eigenskapar blir vektlagt. Her er team arbeid, fleksibilitet og faglig interesse av stor betydning.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
KontaktinformasjonWenche Hårklau, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 080
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5191880046
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2026