Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtSunnfjord
  • Omfattning–
  • Sista ansökan12 dagar kvar
  • Publicerad2 nov.

Om tjänsten

Ønskjer du å arbeide innan eit spennande fagfelt i rask utvikling?

Mikrobiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer overlege til 100 % vikariat i perioden 21.12.2026-31.07.2027.

Mikrobiologisk avdeling er ei av 11 avdelingar i medisinsk klinikk og leverer laboratorietenester innan bakteriologi, serologi og molekylærbiologi til heile Sogn og Fjordane. Vi mottek, analyserer og gjev ut svar på prøver til avdelingar i Helse Førde, eksterne legekontor og kommunale institusjonar. Fag og teknologi utviklar seg raskt, spesielt innan molekylærbiologi. Her har fleire analysar vore etablert siste åra, og i 2025 vart laboratoriearealet til molekylærbiologi utvida.

Mikrobiologisk avdeling har fokus på kvalitet og er akkreditert etter standard for medisinske laboratorium NS-EN ISO 15189. Avdelinga har eit tverrfagleg miljø med 27 tilsette og det er tett samarbeid mellom legar, bioingeniørar, molekylærbiologar, avdelingsingeniørar og sekretærar.

Vi har regionalt samarbeid med dei mikrobiologiske avdelingane ved sjukehusa i Stavanger, Haugesund og Bergen – som alle nyttar same laboratoriedatasystemet; Unilab700. Avdelinga er ein del av lokalt laboratorieprosjekt i Helse Førde, der ein jobbar med vidare modernisering innan bygg og instrumentpark.

Stillinga omfattar arbeidsoppgåver innan heile det mikrobiologiske fagfeltet og dagarbeid måndag til fredag 08:00 – 16:00. Overlegane deltek i vaktordning laurdagar og heilagdagar.

Viser elles til Helse Førde sine sider for meir informasjon om avdelinga: Mikrobiologisk avdeling - Helse Førde HF

Arbeidsoppgåver

  • Medisinsk vurdering og godkjenning av mikrobiologiske prøvesvar
  • Deltaking i kvalitetsarbeid og utvikling
  • Rådgjeving til rekvirentar og tilsette
  • Noko undervisning av tilsette på sjukehuset

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist innan medisinsk mikrobiologi eventuelt erfaren LIS med kort tid til ferdig spesialitet
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg, og søkjarar utanfor Skandinavia må kunne vise til dokumentasjon på dette

Personlege eigenskapar

  • Interesse for fagfeltet og evne til å tileigne seg ny kunnskap
  • Gode samarbeidsevner og kommunikasjon
  • Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Kompetente kollegaer i tverrfagleg miljø
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp med å skaffe bustad

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marianne Schiefloe Myklebust, Kst. avdelingssjef, (+47) 986 64 325

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2

6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5202467979

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 15.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 15 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Mikrobiologisk avdeling, Helse Førde

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Sunnfjord och dölj konkurrerande annonser på sidan.