Om tjänsten
Psykiatrisk klinikk har ledig 100 % fast stilling som psykologspesialist i Førde.
Stillinga er plassert ved Akutt Døgn, og psykologspesialisten inngår i behandlarteam saman med overlegar, legar i spesialisering (LIS) og sosionom.
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Klinikken har også sjukehusoppgåver med Akutt Døgn som har ØH plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Helse Førde sitt opptaksområde omfattar om lag 110 000 innbyggjarar.
Akutt Døgn er ein lukka akuttpsykiatrisk sengepost med 15 sengeplassar. Vi flytta inn i nybygg i 2021. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har døgnkontinuerleg akuttberedskap. Akutt Døgn tek imot pasientar til både frivillig og tvungent psykisk helsevern.
Ønskjer du ein variert og spennande arbeidskvardag i eit triveleg arbeidsmiljø, kan dette vere stillinga for deg.
Nyttig informasjon ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet vil bestå av akutte vurderingar av pasientar som er i behov av rask psykisk helsehjelp, diagnostisering, korte intervensjonar, behandling for ein allmenn pasientpopulasjon, samt rådgjeving og rettleiing til kommunane
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist med norsk autorisasjon i klinisk psykologi med vedtakskompetanse i henhold til psykisk helsevernlov
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonRoger Lundekvam, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 488
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5119002328
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.11.2026