Drift og eigedom i Helse Førde søkjer ein engasjert og løysingsorientert seksjonsleiar til ei spennande stilling ved Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus. Dette er ein unik sjanse for deg som ønskjer å kombinere byggfagleg kompetanse med strategisk leiing innan eigedomsområdet. Fagområdet er i stadig utvikling, og bygningsmassen er ein viktig føresetnad for effektiv drift av sjukehuset. Stillinga er ledig for tilsetjing frå 01.10.2026.
Om seksjonen
Seksjonen har 20 tilsette og er i dag organisert i Teknisk driftsavdeling, som tilhøyrer klinikk for Drift og eigedom. Seksjonen har ansvar for drift og vedlikehald av bygningsmassen ved Førde sentralsjukehus med tilhøyrande tekniske anlegg. Seksjonen har òg eit avgrensa ansvar for Sunnfjord medisinske senter i Florø.
Seksjonsleiar rapporterer til Avdelingssjef for Teknisk drift.
Kvifor velje oss?
Sjukehusbygg er dei mest komplekse og moderne bygga i landet, med avansert teknologi og tekniske system som utfordrar kompetansenivå og behov for nytenking.
Hos oss får du ein variert og engasjerande arbeidskvardag med personalansvar for dyktige fagfolk med allsidig kompetanse. Du blir ein del av eit kompetent og triveleg fagmiljø lokalt, regionalt og nasjonalt.
Kontorstad er Førde sentralsjukehus.
Ved val av kandidat vil følgjande kvalifikasjonar bli vektlagt:
Utdanningsnivå
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, og ser spesielt etter desse eigenskapane:
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonPer Arne Flølo, Direktør Drift og eigedom, (+47) 578 39 340
Terje Jan Nes, Avdelingssjef Teknisk driftsavdeling, (+47) 415 30 517
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5174784094
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sunnfjord