Hoppa till huvudinnehållet
PSK døgn psykose, Helse Førde logo
Ledigt jobb

Sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning

PSK døgn psykose, Helse Førde
  • OrtSunnfjord
  • Omfattning–
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad19 okt.

Om tjänsten

DPS Døgn psykose har ledig 100% vikariat​ ​for sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning.

​Vikariat frå snarast til og med august 2027.​

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.

DPS Døgn psykose har 8 døgnplassar og 1 brukarstyrt plass. Vi er ein open spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS Døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver​

  • Arbeid på sengepost, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
Gi psykiatrisk pleie og omsorg
Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på avdelinga
Ta del i den til ei kvar tid oppgåver som ligg til seksjonen
Andre oppgåver etter avtale med leiar
Turnusarbeid, langvakter på helg kan vere aktuelt dersom ønskjeleg.
Mulighet for langvakter i vekedagar er under kartlegging.

Kvalifikasjonar​

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Relevant vidareutdanning (f.eks. psykiatri eller SEPREP) blir vektlagd, men er ikkje eit krav.
Relevant erfaring er ønskjeleg
Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg

Personlege eigenskapar​

  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp
Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr​

  • Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
Opplæring
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar

​Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp

verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning

frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og

kompetanse.

KontaktinformasjonStephanie Levy, Seksjonsleiar, (+47) 993 78 985

ArbeidsstedSvanehaugvegen 2

6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5187045198

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Sluttdato: 31.08.2027

Søknadsfrist: 02.11.2026