Om tjänsten
Kom og bli med oss! Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar som ønskjer ein variert, lærerik og meiningsfull arbeidskvardag.
• 3 x 100 % fast stilling
Hos oss får du arbeide tett med pasientar innan nevrologi, spesialisert rehabilitering og indremedisin. Du blir ein del av eit fagmiljø der samarbeid, kompetansedeling og utvikling står sentralt, og der du får høve til å byggje brei klinisk erfaring.
Nevrologi og rehabilitering sengepost er lokalisert i 4. etasje i nybygget LIVA og har 26 moderne einerom. Sengeposten omfattar 12 nevrologisenger, inkludert to overvakingssenger for slagpasientar i akuttfasen. Vi har også åtte senger innan spesialisert rehabilitering og ei treningsleilegheit, der vi følgjer pasientar gjennom viktige steg på vegen tilbake til kvardagen. I tillegg har vi fem medisinske senger med hovudvekt på indremedisinske tilstandar.
Hos oss møter du pasientar i ulike fasar av sjukdom og rehabilitering, noko som gir ein spennande og variert arbeidskvardag. Vi er stolte av eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Har du interesse for nevrologi, rehabilitering eller indremedisin, håpar vi at du vil søkje hos oss. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for sjukepleiefaglege oppgåver som pasientoppfølging, forsvarleg medikamenthandtering, legevisitt, samtalar med pårørende m.m.
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Ein læringsrik arbeidsplass med høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonSirianne Pidic, Seksjonsleiar, 924 99 376
ArbeidsstadSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5173390540
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 26.10.2026