Hoppa till huvudinnehållet
Sengepostar Førde, Helse Førde logo

Sommarvikarar Psykiatrisk klinikk, 

Sengepostar Førde, Helse Førde
  • OrtSunnfjord
  • Omfattning–
  • Sista ansökan17 jan.
  • Publicerad28 okt.

Om tjänsten

Vi søkjer ferievikarar til sengepostane ved Psykiatrisk klinikk i Førde i perioden 15.06.2027 - 09.08.2027

Sengepostane våre:

  • Akutt døgn
  • PSK Sikkerheit
  • DPS døgn allmenn
  • DPS døgn psykose

Tilsetjingsperioden er åtte veker.

Opplys i søknaden:

  • Kva veker du kan arbeide dersom du ikkje kan arbeide heile perioden
  • Kva sengepost du ønskjer å arbeide ved
  • Dokumentasjon på utdanning og praksis

Akutt døgnhar 15 sengeplassar og er ein lukka, akuttpsykiatrisk sengepost. Vårt opptaksområde er hovudsakleg "gamle" Sogn og Fjordane. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har akuttberedskap heile

døgnet. Akutt døgn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen

psykisk helsevern. Søkjer du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit triveleg arbeidsmiljø, så er dette avdelinga for deg.

PSK Sikkerheithar 3 døgnplassar og er ein lukka sengepost for personar med alvorleg sinnsliding og voldsproblematikk. I tillegg til å yte psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gi pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samtidig som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapautisk rehabilitering blir vektlagt. Ein tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein utfordrande og givande arbeidskvardag i eit støttande og ivaretakande arbeidsmiljø.

DPS døgn allmenn har 14 døgnplassar og er ein åpen distriktpsykiatrisk post som i hovudsak behandlar menneske med mellom anna depresjonar, bipolare lidingar, angstlidingar, psykosar og eteforstyrringar. Hovudoppgåva er utgreiing og behandling med fokus på miljøterapi. DPS døgn allmenn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Posten er tverrfagleg samansett og har eit aktivt, lærerikt og triveleg arbeidsmiljø.

DPS døgn psykosehar 9 døgnplassar og er ein åpen spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientretta arbeid
  • Turnusarbeid
  • Arbeid annakvar helg

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar eller 3-årig helse/sosialfagleg utdanning
  • Helsesportspedagog
  • Studentar og andre som vurderar seg sjølv som eigna kan også søkje
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Relevant erfaring
  • Interesse for faget
  • Førarkort kl. B er å føretrekke

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider sjølvstendig, tek ansvar og har gode samarbeidsevner
  • Du kommuniserer godt og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omtanke

Vi tilbyr

  • Opplæring i eit fagleg spennande miljø
  • Opplæringskurs for nytilsette
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Kontaktinformasjon

Marianne Engh Strandos, Seksjonsleiar PSK Sikkerheit, 975 22 519

Roger Lundekvam, Seksjonsleiar akutt, 952 09 377

Ingunn Indrebø, Seksjonsleiar DPS allmenn, 478 90 705

Stephanie Levy, Seksjonsleiar DPS psykose, 993 78 985

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2

6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5201299591

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 17.01.2027

Restid & pendling