Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtSunnfjord
  • Omfattning–
  • Sista ansökan15 dagar kvar
  • Publicerad6 nov.

Om tjänsten

Psykiatrisk klinikk sikkerheit har ledig 100 % fast stilling for vernepleiar. Oppstart etter avtale.

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Klinikken har òg sentralsjukehusoppgåver med plikt til å gi augeblikkeleg hjelp. Avdelinga har om lag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.

Psykiatrisk klinikk sikkerheit består av ein sengepost og ein poliklinikk med ambulerande funksjon. Sengeposten har tre døgnplassar og er ein sengepost for personar med alvorleg sinnsliding, der det òg er ein betydeleg risiko for vald. Avdelinga tek imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar med dom på overføring til tvungen psykisk helsevern.. Ambulant sikkerheitsteam er eit poliklinisk tilbod til same pasientgruppa, og som per i dag følgjer opp 11 pasientar ute i eigen bustad/tiltak.

I tillegg til å gi psykiatrisk behandling vil sentrale oppgåver vere å kartleggje, vurdere og handtere risiko for vald. Målet vårt er å gi pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samstundes som vi ivaretek ansvaret vårt for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapeutisk rehabilitering vert vektlagt. I tillegg gir den fysiske utforminga av nytt sjukehusbygg ei god og sikker ramme for arbeidet.

Les meir her: Psykiatrisk klinikk sikkerheit

PSK sikkerheit legg opp til en 50/50 kjønnsfordeling, der ein har minst 2 menn på kvart skift.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid på sengepost, ambulant sikkerheitsteam, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
  • Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
  • Gje psykiatrisk pleie og omsorg
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg behandling på avdelinga
  • Ta del i oppgåver som til ei kvar tid ligg til seksjonen
  • Andre oppgåver etter avtale med leiar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar
  • Relevant vidareutdanning vil bli vektlagt
  • Relevant erfaring er ønskjeleg
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg
  • Personleg egnaheit vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
  • Du kommuniserer og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottek gjerne hjelp
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeidar stabilt under press
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
  • Opplæring
  • Turnusordning med moglegheit for langvakter (12,5t)
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marianne Engh Strandos, Seksjonsleiar, (+47) 577 14 331

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5206555696

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 22 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • PSK døgn sikkerheit, Helse Førde

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Sunnfjord och dölj konkurrerande annonser på sidan.