Hoppa till huvudinnehållet
Sykkylven Legesenter, Sykkylven kommune logo
Ledigt jobb

Sjukepleiar 100 % vikariat

Sykkylven Legesenter, Sykkylven kommune
  • OrtSykkylven
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan3 dagar kvar
  • Publicerad7 okt.

Om tjänsten

Sykkylven Helsehus er ein spennande arbeidsplass i nye lokaler med eit godt fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, med tydelig fokus på å levere best mogleg helsetenester til kommunen. Det er ein arbeidsplass med høgt tempo, og varierte og spennande arbeidsoppgåver.

Vi har prosjekt som gir fokus på fagleg utvikling, oppgåvedeling og effektivisering av legetenester.

Sykkylven legesenter er kommunalt drive og har 9 legeheimlar, samt ein LIS1-lege. Legesenteret har 5 sjukepleiarar og 4 andre helsepersonell der fleire også jobbar ved legevakta i todelt turnus. Legevakta er eit interkommunalt samarbeid med Stranda kommune og omfattar 3 fast tilsette legevaktsleger og sjukepleiarar.

Vi har no ledig 100 % vikariat som sjukepleiar.

Stillinga er per no i todelt turnus, med arbeid på legevakt kvar 3 helg.

Vi har fokus på helsefremjande turnus og lav vaktbelastning. Oppstartsdato snarast. Vikariatet er fram til august 2027, med moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver​

  • Triagering av pasientar over telefon
Samarbeid med AMK, ambulanse og Ålesund legevakt
Skiftestue arbeid (EKG, spirometri, sårstell, infusjonar, injeksjonar, m.m.)
Laboratoriearbeid
Observere og vurdere pasientar og sette strakstiltak ved akutte situasjoner
Bli med lege på utrykning ved akutte situasjonar
Gi råd og veiledning til pasientar og pårørande
Helsefremmande og forebyggande arbeid
Jobbe aktivt med forbedringsarbeid ved legesenteret/legevakta

Kvalifikasjonar​

  • Sjukepleiar med autorisasjon
Erfaring innan diabetes, lungesjukdommar, infeksjonssykdommar og akuttberedskap er ønskeleg
Gode IT-kunnskaper
Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar​

  • Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon
Du har evne til utvikling og nytenking
Løysningsorientert, endringsvillig og motiverande i arbeidsmiljø
Du er fleksibel, har god arbeidskapasitet og omstillingsevne
Evne til å takle høgt arbeidstempo
Godt klinisk blikk og interesse for fagutvikling
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team

Personlig egnaheit blir vektlagt.

Vi tilbyr​

  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
God kollegial støtte og samarbeid
Fagleg utvikling
Fagmøter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid
Varierte og utfordrende arbeidsoppgaver
God opplæring og tett oppfølging
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

KontaktinformasjonKanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.no

Emily Ingina Nedreberg, Avdelingsleiar Legetenester, +47 91898741, emily.ingina.nedreberg@sykkylven.kommune.no

ArbeidsstadAuregata 19

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5191856102

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 22.10.2026