Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtSykkylven
  • Omfattning–
  • Sista ansökan21 dagar kvar
  • Publicerad3 nov.

Om tjänsten

Nav Sykkylven har ledig fast stilling som veiledar i vårt team Behalde arbeid.

Vi søkjer deg som er engasjert og framoverlent, og som er interessert i å jobbe med menneske som treng bistand til arbeidsretta oppfølging. Våre digitale verkty får stadig nye løysingar, og du må vere god på digitale verkty for å kunne jobbe effektivt og målretta med dei brukarane som treng hjelp frå Nav.

Som veiledar ved vårt kontor vil du arbeide heilskapleg med arbeidsretta brukaroppfølging og tett opp mot næringslivet, samt ulike kommunale tenester og tenester internt i Nav, helsevesenet, tiltaksarrangørar og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Vi jobbar med å følgje opp prioriterte grupper som ungdom, flyktningar og sjukmelde.

Kontoret er organisert i 3 team; Ungdomsteam, Skaffe arbeide og Behalde arbeide. Som veiledar ved vårt team Behalde arbeid, vil du ha ansvar for oppfølging av sjukmelde og AAP brukarar med arbeidsgivar, samt sakshandsaming etter lov om sosiale teneste i Nav.

Nav Sykkylven-Stranda har 15,5 årsverk. Vi har god variasjon i alder og tilsette fordelt på kommunal og statlege tilsettingar. Vi er lokalisert med aktivitesbasert kontorløysing i sentrum av Sykkylven, og har tilgang til møterom på Stranda.

Sykkylven og Stranda kommune ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har tilsaman 12 000 innbyggarar, som vi i Nav yter tenester til. Begge kommunane er industrikommunar der Sykkylven er stor innan møbel og Stranda innan næringsmiddel.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsretta oppfølging av brukarar, eller sjølvstendig næringsdrivande som mottek sjukepengar og arbeidsavklaringspengar
  • Kartleggje og avklare brukars behov for hjelp, deira ressursar og arbeidsmoglegheiter
  • Ein vil ha ansvar for eiga portefølgje med brukarar som ein følgjer opp og avklarar
  • Arbeidsoppgåvene inneber veiledning, saksbehandling med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Samarbeid med arbeidsgivarar

Nav er i stadig utvikling og du må vere open for at det kan skje endringar i oppgåver og ansvarsområder.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent bachelorgrad i sosialt arbeid eller arbeids- og velferdsfag, eller annan relevant bachelorgrad
  • Erfaring frå motivasjon-, veiledning- og endringsarbeide
  • Erfaring med sakshandsaming
  • Erfaring frå tverrfaglig samarbeide
  • God digital forståing og erfaring med å nytte IT-system som arbeidsverkty
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide effektivt og strukturert med mange arbeidsoppgåver
  • Stor arbeidskapasitet
  • Framoverlent og positiv i utviklingsarbeide
  • Omstillingsdyktig og løysningorientert
  • Fleksibel og open for ulik tilnærming til oppgåveløysing og arbeidsmetodikk
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

Nav Sykkylven-Strandasom arbeidgivar kan tilby spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver, innanfor eit viktig samfunnsoppdrag. Vi har eit aktivt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar, og er ein arbeidsplass som vektlegg utvikling, omstilling og kompetansedeling.

Det må påreknast noko reiseverksemd innanfor våre kommunar.

Offentlegheit

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar

Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden

Kontaktinformasjon

Karoline Lied, NAV leiar, karoline.lied@nav.no

Arbeidsstad

Pilgata 2

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5204483692

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 25 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • NAV Sykkylven Stranda, Sykkylven kommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Sykkylven och dölj konkurrerande annonser på sidan.