Hoppa till huvudinnehållet
Trollongane barnehage, Time kommune logo

Pedagogisk leiar og fagarbeider

Trollongane barnehage, Time kommune
  • OrtTime
  • Omfattning–
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad2 nov.

Om tjänsten

I Trollongane barnehage treng vi pedagogisk leiar i 100% fast og ein i 50% vikariat. Vi har eit ledig vikariat som barne og ungdomabeider i 100 %. Vikariatet er satt frem til 31/7 27, men det er stor moglegheit for forlenging.

Trollongane barnehage er ein 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter. Me ligg sentrumsnært på Bryne i eit roleg nabolag. Me er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Me er ein praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS, me har lærlingar og i tillegg har me elevar inne i praksis frå både ungdoms- og vidaregåande skule.

Arbeidsoppgåver

Som pedagogisk leiar har du ansvar for å bidra i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av pedagogisk arbeid.

Samarbeid med føresette og personalleiing er òg ansvarsområde som følgjer stillinga.

for begge stillingane:

Legge til rette for leik og aktivitet i barnehagen tilpassa enkelt barn og til barnegruppa

Samarbeide med kollegaer og føresette

Følgje opp daglege rutinar

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar
  • Godkjent utdanning som barne og ungdomsarbeider
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28
  • Me legg vekt på at du er eigna til stillinga

Du må levera politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før du startar i stillinga

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Me ser etter vaksne som har gode samarbeidsevner, god relasjonskompetanse og er gode på gruppeleiing.

Me ønskjer leiarar som fremjar inkludering gjennom ei autoritativ vaksenrolle.

Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Me tilbyr

  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

Kontaktinformasjon

Tor Inge Pettersen, Styrar, +47 40078156

Arbeidsstad

Kjeldevegen 1

4344 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5203177806

Stillingsprosent: 100, 50%

Fast, Vikar

Startdato: 14.12.2026

Sluttdato: 31.07.2027

Søknadsfrist: 16.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 16 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Trollongane barnehage, Time kommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Time och dölj konkurrerande annonser på sidan.