Brann- og redningsskulen søkjer samarbeidsorientert einingsleiar til våre førebyggande- og oljevernkurs. Som einingsleiar vil du ha ansvar for planlegging, gjennomføring og vidareutvikling av skulen si utdanning og opplæring med særleg vekt på kvalitet i det pedagogiske og faglege arbeidet. Me ynskjer at du har god gjennomføringsevne og kan bidra til at Brann- og redningsskulen leverer utdanning i tråd med gjeldande kursplaner.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Medarbeidarane er DSB sin viktigaste ressurs. I leiarstillinga får du ansvar for eit stort spenn av oppgåver, og for å levere tenester innan ulike saksfelt. Du må difor være utprega samarbeidsorientert, følge opp medarbeidarane dine, gje dei tilbakemelding, og stimulere til utvikling aleine og saman med kollegaer.
Som leiar i DSB, skal du bidra til at me er ein moderne og profesjonell organisasjon, som leverer på samfunnsoppdraget vårt. Du må vera målbevisst og flink til å kommunisere både internt og eksternt.
Vilkår
Om stillinga og eininga
Du vil få personalansvar for åtte tilsette med ulik kompetanse innan fagfelta oljevern og førebyggande. Einingsleiar vil vera ansvarleg for at skulen leverer opplæring av god fagleg og pedagogisk kvalitet innan brannforebyggjarfaget for lærlingar, forebyggjandekurset og oljevernkurs. Kursportefølgjen vil kunne endrast over tid. Det er eit tett samarbeid på tvers av einingar og seksjonar, og våre leiarar har ansvar for innhald og kvalitet på samarbeidet. Det er lagt ein stor del undervising til stillinga.
Om Brann- og redningsskulen
Oppgåva til Brann- og redningsskulen er å utdanne det beste personellet til brann- og redningsvesen og naudmeldesentralar i landet. Me tilbyr eit breitt utval av kurs, blant anna i brann og redning, førebygging, naudalarm, oljevern og leiing. I januar 2024 opna me ei toårig fagskuleutdanning for dei som skal jobbe heiltid i beredskap, med førebyggande brannvern eller som operatør på ein naudmeldesentral for brann og redning. Brann- og redningsskulen er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Skulen ligg på Fjelldal og med ei eining på Stavern. Me tek imot 160 nye studentar og over 1000 kursdeltakarar i året. Saman skal vi bidra til at landets brann- og redningsvesen har mot til å tore, og kunnskap til å handle, når det verkeleg gjeld.
Les meir på: www.brsk.no
Dersom du har spørsmål om stillinga, ta kontakt med seksjonssjef Mikael Skyflyer Kristiansen på e-post mikael.kristiansen@dsb.no eller telefon 911 18 991.
Offentleg søkjarliste
Me utarbeider offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. Offentleglova §25.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Gjennom både søknadsbrev og CV må du vise korleis kompetansen din fyller kvalifikasjonskrava som er skildra i utlysinga. Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. I tillegg ber me om at du lastar opp både søknadsbrev og CV som vedlegg i PDF-format. For å jobbe i DSB må du vera vera skikka tryggleiksmessig og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på heimesida vår. Bakgrunnssjekk vert gjennomført. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Tjeldsund