Hoppa till huvudinnehållet
Helse og omsorg, Tokke kommune logo

Assistent/miljøarbeider

Helse og omsorg, Tokke kommune
  • OrtTokke
  • Omfattning–
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad22 okt.

Om tjänsten

Me søkjer etter 1-2 trygge, omsorgsfulle og ansvarsbevisste assistentar til arbeid i privat heim hjå ein ung person. Stillinga er eit vikariat på 10-20% frå 4. januar 2027-15. september 2027. Tidlegare oppstart er mogleg. Arbeidstida er for tida hovudsakleg på ettermiddag 2 dagar i veka. Stillinga passar både for deg med helsefagleg bakgrunn og for deg som har relevant erfaring eller interesse for omsorgsarbeid.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene går i hovudsak ut på å bidra til ein trygg og føreseieleg kvardag i heimen.

Dette inneber mellom anna:

  • Tilsyn og praktisk støtte i kvardagen
  • Delta i daglege aktivitetar og legge til rette for meistring
  • Skape ro, tryggleik og struktur

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med helsefagleg bakgrunn, men ikkje eit krav.
  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom med særskilde behov er ynskjeleg.
  • Vi legg stor vekt på relevant erfaring.
  • Det blir vektlagt at ein er eigna for stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Er roleg, påliteleg og trygg i møte med andre
  • Har gode samarbeidsevner, men også kan arbeide sjølvstendig
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Har gjerne erfaring frå omsorgsarbeid, men dette er ikkje eit krav

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og trygg arbeidskvardag
  • God opplæring og oppfølging
  • Løn etter gjeldande avtale
  • Arbeidstid kan variere
  • Stillinga kan tilpassast både deltids- og heiltidsarbeid i samråd med tenestemottakaren

Andre opplysningar

Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.

Den som får stillinga må ha førarkort og bil til disposisjon i arbeidet. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.

Kontaktinformasjon

Marit Bråstøyl, Kommunalsjef helse og omsorg, 48220538, marit.haukom.brastoyl@tokke.kommune.no

Arbeidsstad

Revahaugvegen 2

3880 Dalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tokke kommune

Referansenr.: 5198631156

Stillingsprosent: 20%

Vikar

Startdato: 04.01.2027

Sluttdato: 15.09.2027

Søknadsfrist: 05.11.2026