Tokke kommune søkjer etter sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helse og rus i 100% vikariat frå 14.12.26 tom. 31.10.27 med mogleg forlenging. Sjukepleiar/vernepleiar med anna relevant vidareutdanning kan også søkje.
Arbeidsoppgåver vert innan psykisk helse og rus. Arbeidstida er dagtid på kvardagar, men noko kurs/møter og einskilde dagar med miljøterapi på ettermiddag/kveldstid, må ein rekne med. Kommunen har fleksitidsordning. Kommunen har fast 5 årsverk i psykisk helse og rus.
Psykisk helse og rus har eit godt, fleksibelt og engasjert fag- og arbeidsmiljø, og er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar.
I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, fysioterapi, ergoterapi, helsestasjon og skulehelsetenesta. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.
Tokke kommune prioriterer utvikling av fagkompetanse og tenestene i kommunen, så du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar. I tillegg har kommunen eigen lokal lønnsstige som ligg over vanleg tariffavtale.
Arbeidsoppgåver• Sikre eit godt tilbod innan psykisk helse og rus for Tokke kommune sine innbyggjarar.
Avdelinga har oppfølging av barn/unge og vaksne med lettare, moderate og alvorlege utfordringar.
Er ein stabil og positiv kollega som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Kan samarbeide og kommunisere på ein måte som skapar trygge og gode relasjonar
Er fleksibel, utvikling- og løysingsorientert
Arbeider sjølvstendig, er strukturert og engasjert
Psykisk helse og rus har eit godt, fleksibelt og engasjert fag- og arbeidsmiljø.
Du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar.
I tillegg har kommunen eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariffavtale.
Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.Referansar vil bli kontakta etter avtale.
Politiattest av seinare dato må leverast ved tilsetting.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Intervju vert gjennomførd fortløpande.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane gjerast offentleg.
Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid tlf: 35075530/ 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no. Fagleiar psykisk helse og rus, Elin Erikstein kan kontaktast på tlf:97058050
Tiltreding: Ynskjeleg frå 14.12.26, men er open for søkjarar som kan tiltre etter dette.
Velkomen som søkjar!
KontaktinformasjonEvy Katrin Aamlid, Avdelingsleiar, +47 41100975
ArbeidsstadRevahaugvegen 4
3880 Dalen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tokke kommune
Referansenr.: 5174965255
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 14.12.2026
Sluttdato: 31.10.2027
Søknadsfrist: 20.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Tokke