Vil du bidra til ein meiningsfull kvardag, med fokus på mestring, kvalitet og positive opplevingar for
våre brukarar? Då er dette stillinga for deg!
Ved rus og psykisk helse avdeling Jondal har me no ledig eit 80% vikariat som helsefagarbeider, frå august 2026 og eit år fram i tid.
Ullensvang kommune har integrerte tenester for Rus- og psykisk helse. Tenesta jobbar ut frå ein modell der forskjellige aktørar, etatar og faggrupper jobbar saman på tvers av nivå, for å gje eit
heilhetleg tilbod. Tenesta rettar seg mot menneske over 18 år, med ulike psykiske vanskar og / eller rusutfordringar, pårørande og menneske i livskrise. Tenesta omfattar førebygging, utgreiing,
behandling, rehabilitering, oppfølging, støtte og rettleiing.
Tenesteområdet har eit fleirkulturelt miljø, engasjerte medarbeidarar, fagleg utfordrande oppgåver og fokus på å finne individuelt tilpassa løysingar til det beste for kvar einskild brukar. Kvardagen i rus og
psykisk helse er innhaldsrik og spanande, og oppgåvene me utfører er mange og varierte. Stillingen inngår i todelt turnus med vakter på dag, kveld og helg.
Dersom dette høyres interessant ut, håper me du søkjer! Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.
Dersom dette høyres interessant ut, håper me at nettopp du søkjer!
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Avdelingsleiar Jondal, Synnøve Eiken
tlf: 903 68 901
e-post: synnove.eiken@ullensvang.kommune.no
Verksemdsleiar Rus og psykisk helse Ullensvang kommune, Nina Sandstå
tlf: 905 24 956
e-post: nina.sandsta@ullensvang.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Ullensvang